Bytte av studieprogram ved Det humanistiske fakultet

Går du på eit årsstudium, bachelorprogram eller profesjonsstudium og ønskjer å byte studieprogram? Då kan du søkje om intern overgang.

Kven kan søkje?

Du kan søkje dersom du:

  • går på eit bachelorprogram, integrert masterprogram eller profesjonsstudium og har minst eitt semester med gyldig studierett igjen
  • går på eit årsstudium, også i siste semester av studiet

Studentar med andre studierettar kan ikkje søkje om intern overgang.

Søkjer du frå eit anna fakultet?

Studentar med studierett ved eit anna fakultet kan søkje overgang til bachelorprogramma ved HF som er opne for overgang.

Dersom du får innvilga overgang, blir den noverande studieretten din avslutta og erstatta med ein ny studierett på det nye programmet.

Ønskjer du å behalde studieretten du allereie har, bør du ikkje søkje om overgang.

Du treng ikkje søkje overgang for å ta enkeltemne ved HF. I dei fleste tilfelle held det å melde seg til undervisning og eksamen i emnet. Eventuelle unntak går fram av emneomtalen.

Kva studieprogram kan du søkje overgang til?

Du kan søkje overgang til:

  • Arabisk
  • Arkeologi
  • Digital kultur
  • Engelsk
  • Filosofi
  • Fransk
  • Historie
  • Italiensk
  • Kinesisk
  • Kjønnsstudium
  • Klassisk filologi
  • Kulturvitskap
  • Kunsthistorie
  • Litteraturvitskap
  • Lektorprogram*
  • Nordisk språk og litteratur
  • Norrøn filologi
  • Norsk som andrespråk
  • Religionsvitskap
  • Russisk*
  • Spansk språk og latinamerikastudium
  • Språkvitskap
  • Teatervitskap
  • Tysk

    * Se informasjon for program med særskilde krav

Program med særskilde krav

Russisk

Studentar som ikkje kan dokumentere kunnskapar tilsvarande RUS100, eller har bestått den fagdiagnostiske testen, må ta RUS100 før dei kan gå vidare på bachelorprogrammet.

Kinesisk

Overgang blir berre innvilga dersom det er mogleg innanfor studieplanen og det er ledig plass på studieprogrammet.

Lektorprogram

Du kan søkje om overgang mellom dei femårige lektorutdanningane ved HF. Overgang blir berre innvilga dersom det er mogleg innanfor studieplanen og det er ledig plass på studieprogrammet. Søknad skal sendast på e-post til post@hf.uib.no. 

Studieprogram som ikkje er opne for overgang

Det blir ikkje gitt overgang til bachelorprogrammet i japansk.

Korleis søkjer du?

Du søkjer overgang i Søknadsweb.
Søknadsfrister er 15.juni og 1.november.

Når får du svar?

Du får svar på søknaden på e-post før Studentweb opnar for semesterregistrering:

  • 1.juli for haustsemesteret
  • 1.desember for vårsemesteret

Dersom søknaden blir innvilga, blir den opphavelege studieretten din avslutta og erstatta med ein ny studierett på det nye studieprogrammet. Lengda på studieretten blir tilpassa ut frå kor mykje du har igjen for å fullføre graden.

Har du spørsmål om bytte av studieprogram?

Telefonnummer
55589370
E-post
studierettleiar@hf.uib.no
Sist oppdatert: 29.09.2026