Før du reiser
Før du reiser på utveksling, må du søkje om førehandsgodkjenning av emna du planlegg å ta.
Når du søkjer, må du leggje ved:
- emneomtalar for emna du skal ta
- litteraturlister, dersom dei er tilgjengelege
Førehandsgodkjenninga stadfestar at emna kan inngå i graden din ved UiB. Godkjenninga er nødvendig for at utvekslingsopphaldet skal registrerast i utdanningsplanen din, og for at du skal kunne få støtte frå Lånekassen.
Dersom du endrar emneval under utvekslingsopphaldet, må du ta kontakt med studierettleiar så snart som mogleg. Då oppdaterast førehandsgodkjenninga før du søkjer om endeleg godkjenning.
Søk om førehandsgodkjenning
Når du kjem tilbake
Etter utvekslingsopphaldet må du søkje om endeleg godkjenning av studia du har fullført.
Då stadfestar vi at emna du har bestått kan inngå i graden din ved UiB, og utvekslingsopphaldet blir registrert i utdanningsplanen din.
Når godkjenninga er ferdig behandla, blir utvekslingsopphaldet rapportert som ein del av utdanninga di ved UiB.