Utdanningsplan
Alle masterstudentar skal ha ein utdanningsplan. Utdanningsplanen skal
- bidra til eit tett og gjensidig forpliktande forhold mellom deg som student og Universitetet i Bergen
- syne korleis universitetet legg til rette for at du som student skal nå definerte læringsmål på avtalt tid
Utdanningsplanen har ein generell del og ein spesifikk del.
Den generelle delen gjeld for alle masterstudentar ved UiB. Den spesifikke delen gjeld studieprogrammet ditt og studieløpet ditt, og fyller du ut i Studentweb.
Lenke til Studentweb (ekstern lenke)
Den spesifikke delen inneheld òg ein rettleiingskontrakt mellom deg, rettleiaren og instituttet. Kontrakten får du frå instituttet og må vere fylt ut innan fastsett frist.
Rettleiingskontrakt
For å få tildelt rettleiar, må du inngå ein rettleiingskontrakt. Kvart masterprogram har definert når i studiet du skal inngå kontrakten. Kontrakten seier kven som skal vere rettleiaren din, kor mange timar rettleiing du har krav på og definerer elles rettar og plikter mellom rettleiar og student.
Du finner og fyller ut rettleiingskontrakten i lenkene under:
Lesesalar
Alle masterstudenter kan søke om fast lesesalsplass på ein av våre lesesalar.
Innlevering av masteroppgåva
Ordinære fristar
- Vår: 1. februar eller 15. mai
- Haust: 1. september eller 20. november
Du leverer masteroppgåva elektronisk i Inspera som pdf.
For å kunne levere, må du vere meld til eksamen i masteroppgåva i Studentweb i semesteret og månaden du planlegg å levere.
Ved innlevering vel du om oppgåva skal vere open og søkbar i BORA. Då inngår du ei avtale med BORA.
Masteroppgåva skal innehalde eit obligatorisk samandrag på ½–1 side på eit anna språk enn oppgåva er skriven på (vanlegvis engelsk). Samandraget skal vere del av oppgåva.
Ta kontakt med instituttet ditt dersom du har spørsmål om innleveringa.
Endringar og pause i masterstudiet
Hvis du treng meir tid, må ta ein pause eller endre til deltid/heltid.
Forlenging av rettleiingskontrakt
Studentar kan søkje instituttet om å forlenge masterstudiet med eit femte semester. Etter særskild søknad kan studentane søkje om ytterlegare eitt semesters forlenging. Søkjaren skal legge ved framdriftsplan som er godkjent av rettleiar. Framdriftsplanen skal gi eit realistisk bilete av korleis du har tenkt å gjennomføre resten av masteroppgåva. Det er ikkje mogleg å søkje om ytterlegare forlenging etter eit sjette semester.
Søknadsfristar for forlenging av rettleiingskontrakt:
- For eit femte semester: 1. mai eller 5. november i det fjerde semesteret.
- For eit sjette semester: 1. mai eller 5. november i det femte semesteret.
Korleis søker eg?
Du kan søkje om forlenging av kontrakten via nettskjema:
Endring mellom heiltid og deltid
I utdanningsplanen din har du avtalt kva studieprogresjonen din skal vere. Normal progresjon er 100% - det vil seie 30 studiepoeng i semesteret. Du kan avtale å gjennomføre heile eller delar av studiet på deltid (minimum 50%) dersom du ønskjer det. Studietid for deltidsstudentar er maksimalt 8 semester.
Søknadsfristar for endring i studieprogresjon
- For haustsemesteret: 1. september
- For vårsemesteret: 1. februar
Korleis søker eg?
Du må melde frå om endring heiltid/deltid via nettskjema:
Permisjon frå masterstudiet
Når du søkjer permisjon, må du forklare årsaka og legge ved dokumentasjon, til dømes legeerklæring, fødselsattest, innkalling til førstegangsteneste eller liknande. Søker du permisjon av faglege årsaker, må du legge ved erklæring frå institutt eller rettleiar. Ved arkeologisk feltarbeid skal arbeidskontrakt og stadfesting frå rettleiar leggjast ved.
Du kan søkje permisjon for minimum eitt og maksimum to semester. Søknad sender du på eige skjema til Det humanistiske fakultet.
Søk så snart som mogleg.
For meir informasjon, sjå Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen og utfyllande reglar for HF.
Personvern og økonomisk støtte
Her finn du informasjon om kva du må tenkje på om du skal bruke personopplysninger i din masteroppgåve og om ulike økonomiske støtteordningar.
Bruk av personopplysningar i masteroppgåva
Skal du samle inn, registrere, handsame eller lagre opplysningar om personar (personopplysningar), er prosjektet ditt truleg meldepliktig. Du må da fylle ut eit meldeskjema og sende det til Personvernombudet for forskning. Meldeplikta er pålagd ved lov, jf. personopplysningsloven, og prosedyren med melding til Sikt er vedteke av institusjonsleiinga.
Informasjon finn du på nettstaden til Sikt.
Økonomisk støtte
Du kan søkje instituttet ditt om økonomisk støtte til arbeidet med masteroppgåva. Du kan søkje maksimalt to gonger, og få inntil kroner 2.500,- per gong. Dette gjeld utgifter i samband med datainnsamling, feltarbeid, reise, utgifter til kjeldekopiering, spøreeskjema, kjøp av IT-tenester, porto og liknande. Til spesielt kostnadskrevande reiser kan ein få inntil 5000 kroner som tilskot, tilsvarande to tiltak. Utfylt søknadsskjema bør sendast i god tid før reisa (normalt 3 vekers sakshandsamingstid). Vér merksam på at rettleiar si anbefaling og underskrift må følge søknadsskjemaet.
Særskilt støtte, stipend
Institutta kan etter særskild søknad dele ut inntil 5 stipend på inntil kr. 10.000,- som tilskot til langvarig (meir enn 3 månader) reise / datainnsamling / feltarbeid i land utanfor Europa. Tilsvarer to støtteverdige tiltak.
Søknadsfristar for særskild støtte:
- For haustsemesteret: 1. april
- For vårsemesteret. 1. oktober
Vér vennleg å bruke Skjema for søknad om økonomisk støtte for å søkje om særskilt støtte.