Ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet

Ein ph.d. ved HF gir deg ein arbeidskvardag som kombinerer sjølvstendig fordjuping i eit tema du brenn for, dialog og samarbeid med forskarar i og utanfor Noreg, og formidling og undervisning, der du bidreg til å utdanne nye generasjonar. Du får óg moglegheit til å delta på konferansar og forskingsopphald internasjonalt – og bli ein del av dei større samtalane i fagfeltet ditt.

Bilde
Doktorpromosjon i Universitetsaulaen
Foto: Foto: Thor Brødreskift

Ta ein ph.d. ved Det humanistiske fakultet

Ved Det humanistiske fakultet kan du ta ein fullt finansiert ph.d. innan ei rekke humanistiske fagområde. Utdanninga er normert til tre år og kombinerer sjølvstendig forskingsarbeid med ein opplæringsdel på 30 studiepoeng. Her blir du del av eit etablert forskingsmiljø med tydelege rammer for progresjon og kvalitet. 

Er du kvalifisert til å søke?

Krav til utdanning

Hovudregelen er at du må han ein femårig norsk mastergrad og karakteren B eller betre på masteroppgåva, for å kvalifisere til opptak på ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Dersom du ikkje har ein norsk mastergrad, må du kunne dokumentere ein mastergrad som er tilsvarande eller likeverdig.

For å reknast som tilsvarande må ein utanlandsk mastergrad ha same omfang som ein norsk mastergrad (3+2 studieår, eller 300 studieponeg) og ei masteroppgåve på minimum 30 studiepoeng. Eit femårig studieløp der minst eitt år er på masternivå, vil også kunne godkjennast som tilsvarande. Kriteria for slike vurderingar er bestemt av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). 

Unntaksvis kan også utdanningar som HK-dir ikkje vurderer som tilsvarande ein norsk mastergrad gi grunnlag for opptak, dersom fakultetet etter særskilt vurdering kjem fram til at utdanninga kan vurderast som fagleg likeverdig. For å kunne vurdere om ei utdanning er fagleg likeverdig må det leggast fram dokumentasjon som viser at utdanninga gir tilnærma samme læringsutbytte som ein tilsvarande norsk mastergrad.

Det er søkaren sitt ansvar å legge fram tilfredsstillande dokumetasjon. Dokumentasjonen skal vurderast av ein fagleg komité. Berre søkarar som presenterer eit prosjekt av tilfredsstillande fagleg kvalitet vil bli vurderte.

Krav til finansiering

For å kvalifisere for opptak må du, i tillegg til å vere fagleg kvalifisert, kunne dokumentere at du er fullfinansiert for tre heile årsverk og har tilgang til naudsynte driftsmidlar. 

Det store fleirtal av ph.d.-kandidatar ved Det humanistiske fakultet er finansiert gjennom tilsetting i stipendiatstilling. Dette er midlertidige tilsettingar på 3-4 år, der 3 år er reservert til arbeid med ph.d.-programmet. Med dei fleste tilsettingane føl at det også eit 4. år som arbeidsgjevar skal fylle med anna karriereførebuande arbeid.

Det humanistiske fakultet kan også ta opp kandidatar som er tilsett i stipendiatstillingar ved andre institusjonar, som ikkje har eit eige ph.d.-program, og kandidatar som  på anna måte blir finansiert av sin arbeidsgjevar i form av løna permisjon, FoU tid og liknande.

Felles for alle er at den ytre tidsramma for gjennomføring av ei ph.d.-utdanning er sett til seks år. I praksis betyr dette at planlegging og finansiering av eit ph.d.-løp ikkje kan settast til mindre enn 50% av fulltid.

Oversikt over ledige stillingar ved Universitetet i Bergen (ekstern lenke)

Offentleg sektor-ph.d. 

Gjennom ordninga Offentleg sektor-ph.d. kan arbeidsgjevarar i offentleg sektor søke Forskingsrådet om støtte for at ein tilsett skal gjennomføre eit doktorgradsprosjekt. Kandidatar med slik finansiering kan søkje om opptak til ph.d-programmet ved Det humanistiske fakultet. 

Informasjon om offentleg sektor-ph.d. (ekstern lenke)

Nøkkelpunkt frå fakultetet sitt ph.d.-program

Ph.d.-programmet regulerer alle forhold knytt til opptak, innhald, gjennomføring og fullføring av ph.d.-utdanninga. Saman med Forskrift for graden philoisophia doctor (PhD) ved Universitetet i Bergen, set programmet rammene for ph.d.-utdanninga ved Det humanistiske fakultet

Obligatoriske aktivitetar

  • Kandidaten skal møte til rettleiing med oppnemnt(e) rettleiar(ar).
  • Kandidaten skal årleg rapportere om framdrift etter standardisert prosedyre.
  • Kandidaten skal gjennomføre midtvegsevaluering etter gjeldande retningsliner.
  • Kandidaten skal gjennomføre ein opplæringsdel på 30 studiepoeng.
  • Kandidaten skal utføre sjølvstendig forsking som skal resultere i ei vitskapleg avhandling av internasjonal standard.
  • Kandidaten skal halde prøveførelesning over eit gitt tema.
  • Kandidaten skal forsvare avhandlinga i ein offentleg disputas.

Avhandling

  • Arbeidet med ph.d.-avhandlinga er hovudkomponenten i ph.d.-utdanninga.
  • Avhandlingsarbeidet er normert til 2,5 årsverk.
  • Avhandlinga kan skrivast som ein monografi eller som ei samling artiklar i kombinasjon med ei kappe.

Opplæringsdel

  • Opplæringsdelen skal saman med forskingsarbeidet bidra til at kandidaten oppnår forventa læringsutbytte.
  • Opplæringsdelen består av 30 studiepoeng. Minst 20 studiepoeng skal avleggast etter opptak. Element som skal inngå i opplæringsdelen skal normalt ikkej være eldre enn fem (5) år ved oppstart.
  • 15 studiepoeng er obligatoriske og består av emne tilbydt ved fakultetet.
  • 15 studiepoeng er kandidatspesifikke og skal settast saman i samarbeid mellom kandidat og rettleiar(ar).

Grunnlag for tildeling av ph.d.-grad:

  • godkjent gjennomføring av opplæringsdelen, eventuelt anna godkjent fagleg skulering eller kompetanse
  • godkjent vitskapleg avhandling
  • godkjent prøveførelesing over oppgitt emne
  • godkjent offentleg forsvar av avhandlinga (disputas)

Slik søker du opptak

  • To vegar inn:
    • Opptak med intern finansiering: tilsetting i stipendiatstilling ved Det humanistiske fakultet. Tilsette i stipendiatstilling treng ikkje levere eigen søknad om opptak på programmet.
    • Opptak med ekstern finansiering: som regel vil dette vere ekstern arbeidsgjevar. Alle som ikkje er tilsett i stipendiatstilling ved Det humanistiske fakultet må levere søknad via digitalt skjema. Kontakt fakultetet før du søker.
  • Krav: Fullført relevant mastergrad, sikker finansiering, prosjekt av høg fagleg standard, avtale med fakultetsintern rettleiar
  • Internasjonale søkarar må oppfylle krav til dokumentert språkkompetanse der dette er aktuelt.
  • Før du søker bør du etablere kontakt med det instituttet eller senteret der prosjektet ditt fagleg høyrer heime


Forskrift for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen (ekstern lenke) 

Programbeskriving for ph.d.-kandidatar ved Det humanistiske fakultet 

Rettleiing ved søknad om opptak (i arbeid)

Kontaktinformasjon

E-post
forskerutdanning.hf@uib.no
Sist oppdatert: 04.09.2026