Om forsking ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Vi forskar på korleis menneske har levd, tenkt og organisert samfunna sine frå dei tidlegaste spora etter menneske til i dag. Ved AHKR jobbar arkeologar, historikarar, kulturvitarar og religionsforskarar tett, ofte på tvers av fag.

Bilde
bilete av byen Bergen på ein opplett dag med litt blå himmel.
Utsikt over Bergen frå Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Foto: Magnus Halsnes

Kva forskinga betyr

Korleis blir samfunn til, korleis endrar dei seg, og kva gir menneske identitet og tilhøyrsle? 

Dette er nokre av spørsmåla vi utforskar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Vi undersøker menneskelege erfaringar frå dei tidlegaste spora etter menneske til vår eiga tid. På tvers av land og kontinent, fag og metodar, utviklar vi ny kunnskap om samfunn, kultur og religion og set fortid og samtid i samanheng. Slik bidreg vi til ei djupare forståing av dei utfordringane som pregar verda i dag.

Strategiske prioriteringar

AHKR legg til rette for fri og nysgjerrigheitsdriven kunnskapsutvikling, forskarinitierte prosjekt og sterke fagmiljø. Instituttet har ein solid kultur for forskargrupper og tverrfagleg samarbeid, og arbeider aktivt for å hente inn ekstern finansiering.

Kva vi forskar på

Instituttet har eit internasjonalt forskarmiljø og forskinga vår spenner over ulike tidsperiodar, geografiske område og tema. Forskinga er organisert i 13 tverrfaglege forskargrupper, fleire eksternt finansierte prosjekt og eit senter for framifrå forsking. Du kan òg lese meir om forskinga til kvar enkel forskar på profilsidene deira. 

Senter og forskingsinfrastruktur

AHKR er vertskap for SapienCE, Centre for Early Sapiens Behaviour, eit banebrytande Senter for framifrå forsking som samlar forskarar frå fleire fag og land for å studere mennesket si tidlege historie.

Insituttet disponerer tre spesialiserte laboratorier som danner en sentral del av instituttets forskningsinfrastruktur.

SAMLA – Digitalisering av norske tradisjonsarkiv. SAMLA er det norske digitale arkivet for tradisjonsarkiver og kulturhistoriske arkiver.

 

Internasjonalt samarbeid

Forskinga ved AHKR skjer i tett samarbeid med internasjonale fagmiljø. Prosjekt som SapienCE samlar forskarar frå fleire land og fagfelt for å løyse felles forskingsspørsmål om mennesket si utvikling. Tilsette deltek også i internasjonale nettverk og samarbeider om forskingsprosjekt finansierte av til dømes Noregs forskingsråd og Horisont Europa.

Kontakt og samarbeid

Kontakt instituttleiinga eller administrasjonen for spørsmål om forsking og samarbeid. Det er òg mogleg å ta kontakt med dei enkelte forskargrupper og forskingsprosjekt.

E-post
post@ahkr.uib.no
Besøksadresse
Øysteinsgate 3, 5007 Bergen
Sist oppdatert: 01.09.2026