Studere ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

Kva kjenneteiknar eit rettferdig samfunn? Burde eg frykte min eigen død? Korleis gir vitskapen oss kunnskap om verda vi lever i? Filosofi stiller grunnleggande spørsmål om korleis verda er, korleis verda bør vere, og vår plass i verda som menneske.

Bilde
Plato's Academy mosaic (from Pompeii), now at the Museo Nazionale Archeologico, Naples
Plato's Academy mosaic (from Pompeii), now at the Museo Nazionale Archeologico, Naples Foto: Naples National Archaeological Museum, Public domain, via Wikimedia Commons

Filosofi i praksis: lesing, skriving og diskusjon

Som student møter du filosofi som fag og praksis – og får tidleg trening i å lese, skrive og diskutere dei mest grunnleggande spørsmåla. Kvardagen som student består av førelesningar, seminar, kollokvier og sjølvstendig arbeid med tekstar der du trenar på å analysere argument, stille gode spørsmål og utvikle eigne resonnement. Dette vil gi deg nyttig kunnskap og sette deg i stand til betre å forstå og løyse problem i samband med aktuelle tema, som for eksempel klima og miljø, helse og velferd, kunstig intelligens og global rettferd. Ikkje berre lærer du å analysere korleis ting er, men du lærer også å tenke systematisk om korleis dei bør vere. 

Undervising i historiske og tematiske perspektiv

Du møter filosofi frå fleire periodar og tradisjonar – frå antikken til samtidas debattar. Undervisinga er forskingsbasert og vekslar mellom historiske gjennomgangar og tematiske kurs innan blant anna moral filosofi, politisk filosofi, kunnskapsteori, språkfilosofi, metafysikk, vitskapsfilosofi og logikk. Dette gir deg både oversikt og fordjuping, og lar deg gradvis finne dine eigne faglege interesser. 
 

Fagmiljøet du blir en del av

Instituttet rommar eit bredt og aktivt fagmiljø i filosofi, med forskingsgrupper innan blant anna etikk, politisk filosofi, logikk, språkfilosofi, vitskapsfilosofi og Wittgenstein-studiar. For deg som student betyr dette at undervisninga er tett kopla til pågåande faglege diskusjonar og forsking.

Kva kan du jobbe med?

Studium i filosofi gir kompetanse som arbeidsgjevarar etterspør i eit breitt spekter av yrke. Studentane utviklar ferdigheiter i analytisk tenking, kritisk vurdering og presis skriftleg og munnleg formidling, noko som gjer dei godt rusta til å handtere komplekse problemstillingar. Filosofikandidatar finn arbeid innan mellom anna undervisning og akademia, forvaltning, kultur- og mediesektoren, organisasjonsarbeid, rådgjeving og andre kunnskapsintensive yrke.

Lurer du på noe?

Telefonnummer
55 58 23 82
E-post
post@fof.uib.no
Besøksadresse
Sydnesplassen 12–13, 5007 Bergen
Sist oppdatert: 15.09.2026