Metodeseminar for forsking på ord og vokabular
Velkommen til halv-dagsseminar der me inviterer til diskusjonar om ulike metodiske tilnærmingar til ord-forsking!
Vi er ei gruppe forskarar som er knytte saman gjennom ei interesse for forsking på ord og vokabular. Vi organiserer eit halvdags-seminar for å samla likesinna akademikarar, ph.d.-kandidatar og studentar. Me ynskjer å invitera til diskusjonar om ulike metodiske tilnærmingar og utfordringar med utganspunkt i eit utval av presenterte prosjekt.
Arrangementet er gratis, og lunsj er inkludert for alle som melder seg på.
Alle er velkomne!
Førebels program:
09.30-09.40 Velkomst
09.40-10.10 Misuzu Shimotori: Ordassosiasjon (japansk/svensk)
Korleis laga ordassosiasjonstestar for ikkje-indoeuropeiske språk?
10.10-10.40 Ann-Kristin Helland Gujord (ekstern lenke) (LLE) og Anne Golden (UiO):
En metode for studiet av vokabularutvikling hos norskinnlærere med begrenset skolegang
10.40– 10.55 Pause
10.55-11.25 Ingeborg Vangsnes: Korpushandsaming "Algospråk" på sosiale medium (engelsk)
Korleis kan ein kategorisere bruken av nye ord på sosiale media?
11.25-12.30 Lunsj
12.30-13.00 Kimberly Skjelde: Testing av ordkunnskap (engelsk som andrespråk)
Kan oversetjingstestar av kognat måle ordkkunnskap?
13.00-13.30 Erfaringsdeling
For meir informasjon, ta kontakt med Ingeborg Vangsnes (sjå under)