Studere ved Institutt for framandspråk

Å lære eit språk er meir enn å lære grammatikk. Ved Institutt for framandspråk jobbar du tett med språk, tekst og kultur – frå dei første setningane du skriv, til avansert analyse av litteratur, media og samfunn. Her studerer du språk som blir brukte kvar dag, i verda slik ho faktisk er.

Bilde
Studenter utenfor HF-bygget
Foto: Eivind Senneset, UiB

Kva kan du studere her?

Gjennom studium i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk eller tysk lærer du korleis menneske kommuniserer, tenkjer og samarbeider. Du møter ulike perspektiv på politikk, miljø, identitet, kultur og samfunn, og lærer å sjå verda frå fleire ståstader enn din eigen. 

Når du studerer framandspråk hjå oss, arbeider du med langt meir enn grammatikk og glosar. Du les litteratur, analyserer tekstar, utforskar historie, studerer kulturar og diskuterer samfunnsspørsmål frå ulike delar av verda. Du lærer å forstå menneske på deira eigne premissar, kommunisere på tvers av kulturar og orientere deg i ei verd der internasjonalt samarbeid er avgjerande. Dette er kunnskap som er relevant både for arbeidslivet og for dei store samfunnsutfordringane verda står overfor. 

Kvifor er framandspråk viktig?

Klimaendringar, migrasjon, internasjonale konfliktar, kunstig intelligens og globalt næringsliv knyter menneske tettare saman enn nokon gong før. Samtidig blir evna til å forstå korleis språk, kultur og samfunn formar menneske sine perspektiv stadig viktigare. Fremtidas arbeidsliv treng ikkje først og fremst fleire menneske som kan finne informasjon. Det treng fleire menneske som kan skape forståing mellom menneske.

Noreg er avhengig av internasjonalt samarbeid, eksport, forsking, kulturutveksling og diplomatiske relasjonar. Samstundes treng skulen lærarar som kan gi nye generasjonar språkkompetanse, kulturforståing og internasjonale perspektiv. Personar som kan kombinere språkkompetanse med kulturforståing, analyse og kommunikasjon, vil spele ei viktig rolle både i offentleg sektor, skule, næringslivet og internasjonale organisasjonar. Dette er nettopp den kompetansen framandspråkstudium utviklar. 

Et fagmiljøet med blikk på verda

Ved Institutt for framandspråk møter du forsking på språk, litteratur, kultur og samfunn frå store delar av verda. Forskarane arbeider lange historiske linjer frå bokhistorie i mellomalderen til dagsaktuelle spørsmål om klimaendringar, ser på mangfald i språkbruk i skulen og korleis transnasjonal migrasjon manifesterer seg i litteraturen, utforskar matkultur på ulike kontinent, studerer konflikt i sosiale medium. Forskning i framandspråk hjelper oss å påverke utviklinga i den retninga vi ønskjer, til å ta vare på miljø, klima og eit mangfaldig, demokratisk samfunn.

Som student betyr det at du møter undervisning som knyter fagkunnskap til historiske og aktuelle spørsmål i samtida. Du blir del av eit miljø som undersøker korleis språk formar relasjonar, identitetar og samfunn og korleis denne kunnskapen kan hjelpe oss å forstå ei verd i stadig endring. 

Internasjonale erfaringar er ein del av studiet

For mange språkstudentar er utveksling ein naturleg del av studietida. Instituttet har samarbeidsavtalar med universitet over heile verda, og mange studentar vel å studere i land der språket dei lærer blir brukt i kvardagen.

Å studere i utlandet gir deg moglegheita til å utvikle språkferdigheitene dine gjennom dagleg bruk, samstundes som du får internasjonal erfaring, nye perspektiv og nettverk som kan vere verdifulle vidare i studia og arbeidslivet.

Praksis og erfaring frå samfunnet rundt deg

Språkkompetanse handlar om menneske. Gjennom instituttet sitt samarbeid med NAV får språkstudentar moglegheit til å bidra i norskopplæring for vaksne innvandrarar.

Her møter du menneske med ulike språklege og kulturelle bakgrunnar og får erfaring med korleis språk kan bidra til inkludering, deltaking og fellesskap. Du får sjå korleis kunnskapen frå studiet kan brukast til å løyse konkrete utfordringar i samfunnet.

For mange studentar er interessa for språk tett knytt til ønsket om å formidle kunnskap vidare. Ved Institutt for framandspråk kan du ta lektorutdanning med master i engelsk, fransk, spansk eller tysk og kvalifisere deg til å undervise på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule.

Lektorutdanninga kombinerer fagleg fordjuping i språk med pedagogikk, fagdidaktikk og praksis i skulen. Gjennom utdanninga får du erfaring med planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, samtidig som du utviklar djup kompetanse innan språk, kultur og samfunn. Praksis er integrert i fire av dei fem studieåra

Kva kan du jobbe med?

Kompetansen frå framandspråk kan kombinerast med mange ulike interessefelt og karrierevegar.

Tidlegare studentar arbeider som lærarar og lektorar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. Andre går vidare til yrke innan kommunikasjon, media, kultursektoren, internasjonalt samarbeid, offentleg forvaltning, organisasjonsliv, reiseliv og næringsliv. Språkkompetanse er også relevant for arbeid med eksport, internasjonale relasjonar, omsetjing, bistand og diplomati. 

Felles for mange av desse rollene er behovet for menneske som kan forstå ulike kulturar, bygge relasjonar og kommunisere på tvers av språklege og kulturelle grenser.

Lurer du på noko?

Ta kontakt med vårt info-senter

Telefonnummer
+47 55589370
E-post
studierettleiar.if@uib.no
Besøksadresse
Sydnesplassen 9, 5007 Bergen
Åpningstider

Infosenteret er ope frå kl. 10–14

Sist oppdatert: 03.08.2026