Om forsking ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Forskinga vår har stor bredde og spenner frå språk og litteratur til estetiske og digitale uttrykk. Mykje av forskinga er tverrfagleg og koplar humanistiske perspektiv med teknologi, samfunn og kultur.

Bilde
Visualisation
Foto: Jason Nelson

Humaniora er i alt!

Språk, forteljingar og bilete formar korleis vi forstår verda. Humaniora utforskar desse uttrykka og andre sider ved det menneskeskapte. Dette gir oss innsikt i kva det vil seie å vere menneske.

Kva forskar vi på

Forskinga er ved instituttet er organisert i forskargrupper som utviklar prosjekt og samarbeider på tvers av fag. Det er stor bredde i forskingsfelta, som dekker fleire av dei humanistiske disiplinane. Grunnforsking og breidde står sentralt ved instituttet, og forskinga spenner frå studium av teiknspråkslingvistikk, middelaldermanuskript, terminololgi og fagspråk til digitale forteljingar og narrativ.

Her er nokre døme på forskargrupper og prosjekt:

  • CODICUM undersøkjer korleis bokkulturen i mellomalderen forma samfunnet i Nord-Europa, basert på over 50 000 pergamentfragment.
  • AI STORIES studerer korleis forteljingsmønster påverkar det kunstig intelligens produserer, og korleis vi forstår teknologien. 
  • Norwegian across the Americas analyserer norsk språk i diaspora og korleis det endrar seg over generasjonar.
  • NONMANUAL studerer ansiktsuttrykk, kropps- og hodebevegelser i fem ulike teiknspråk, med bruk av store datasett, maskinsyn og avansert statistisk analyse
  • Samtidsestetikk studerer korleis kunst, litteratur og medium blir forma av politiske og sosiale forhold i samtida.
  •  Velferd under gransking undersøkjer kva litteraturen fortel oss om prekært liv, og om forholdet mellom karakterar i prekære situasjoner og ulike velferdsinstitusjonar.

Sjå alle forskargrupper og forskingsprosjekt

Forskingssenter

Instituttet er stolt vert for to forskingssentre:

  • Senter for digitale fortellingar, eit senter for framifrå forsking (SFF). Senteret driv humaniora-styrt forskning innan elektronisk litteratur, spillstudium, digital kultur og berekning for å fremje forståinga av digitale forteljingar. 
  • Fagspråksenteret - Senter for norsk fagspråk, Fagspråksenteret skal utvikle ny, empirisk kunnskap om rolla fagspråket spelar i samfunnet, korleis det fungerer, blir lært og brukt i ulike kontekstar. Målet er å styrke norsk som eit samfunnsberande språk i møte med digitalisering, globalisering og aukande bruk av engelsk.

Vil du samarbeide med oss?

  • Søk opptak til ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultetet
  • Ta gjerne kontakt med forskingsleiar ved instituttet eller leiar for den aktuelle forskargruppa eller forskingsprosjektet
  • Finn ekspert til media eller faglege oppdrag

Publikasjonar og doktorgradar

Kontakt forskingsleiinga

Forskingsleiar: Anders Marcussen Gullestad
Forskerutdanningskonsulent: Angelina Penner Gjertsen
Forskingsrådgivar: Anna Polster
 

Sist oppdatert: 02.09.2026