Utlysing av masterstipend våren 2027
Våren 2027 skal ordbokredaksjonane ved UiB dele ut to stipend, kvart på 25 000 kroner, til mastergradsstudentar som skriv språkvitskapleg oppgåve med relevans for fagområdet leksikografi.
Norsk Ordbok
Universitetet i Bergen har saman med Høgskulen i Volda teke ansvar for å revidere og digitalisere alfabetstrekket a–h i Norsk Ordbok. Norsk Ordbok er eit tolvbands ordbokverk over norsk talemål og det nynorske skriftmålet, og frå desember 2025 finn du for første gong heile innhaldet i ordbokverket med same einskaplege utforming på norsk-ordbok.no (ekstern lenke). Det trykte verket inneheld over 330 000 ordartiklar med informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatikk og etymologi. Norsk Ordbok er ei vitskapleg dokumentasjonsordbok bygd på språkressursar som er kopla saman på ulikt vis. Desse samlingane og databasane krev vedlikehald og oppdatering, som òg inngår som ein del av Norsk Ordbok a–h (NO-AH). Innhaldsrevisjonen starta opp ved UiB i 2019. Høgskulen i Volda skal særleg bidra til arbeidet med korpusressursar.
Standardordbøkene
Universitetet i Bergen eig standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka og Norsk ordbank saman med Språkrådet. Bokmålsordboka og Nynorskordboka (ordbøkene.no (ekstern lenke)) er dei mest brukte norske ordbøkene med rundt 150 000 søk i døgnet, og dei er dei einaste fritt tilgjengelege ordbøkene som viser den fulle breidda av normerte former i norsk. Norsk ordbank er ein database over ord med alle bøyingsformer i bokmål og nynorsk.
I perioden 2018–2024 gjennomførte leksikografar ved UiB den mest omfattande innhaldsrevisjonen av standardordbøkene på over 35 år. Hovudmålsetjingane var å gjere utvalet av oppslagsord i Bokmålsordboka og Nynorskordboka likare, sørgje for at innhaldet i ordartiklane er i tråd med dagens språkbruk og ta inn nye oppslagsord og tydingar. Frå og med 2025 held ein mindre redaksjon fram arbeidet med vidareutvikling av standardordbøkene.
Medeigar Språkrådet bidreg med avklaringar i normeringsspørsmål og er førstelinjeteneste for brukarspørsmål til standardordbøkene.
Samarbeid mellom fleire avdelingar ved UiB
Leksikografane på begge ordbokprosjekta er tilsette i forskarstillingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Det humanistiske fakultetet. Både Bokmålsordboka, Nynorskordboka, Norsk Ordbok og alt grunnlagsmaterialet for desse blir forvalta ved Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket. Arbeidet med nye tekniske løysingar og nye publikumsvisningar av ordbøkene blir utført ved IT-avdelinga Samarbeidet mellom partane er forankra i styringsgruppa for Språksamlingane, som er leia av instituttleiar ved LLE.
Studietilbod, stipend, oppgåver og stillingar knytt til ordboksarbeid
Studietilbod i leksikografi
Det leksikografiske emnet Ordkunnskap og norsk ordbokarbeid har som mål å gi studentane brei kunnskap om vitskapsgreinene leksikologi og leksikografi og ferdigheiter i teoretisk og praktisk arbeid innanfor dei to disiplinane. Emnet har vore sett opp ved LLE i tre semester, første gong i 2020. Det blei tilbode i ein tilpassa variant våren 2022, og eit heildigitalt tilbod hausten 2023. Kurset er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Det blir arbeidd med vidare tilpassing av emnet, og det er enno ikkje bestemt når det blir sett opp att.
Utlysing av masterstipend
For sjette år på rad delte ordbokredaksjonane våren 2026 ut stipend til ein mastergradsstudent som skriv oppgåve med leksikografisk relevans. Les meir om stipenda og om korleis du søkjer om 2027-stipenda her.
Idear til studentoppgåver, master- og doktorgradsprosjekt
Norsk Ordbok, Bokmålsordboka og Nynorskordboka
Norsk Ordbok (norsk-ordbok.no) er ei historisk ordbok som dokumenterer nynorsk og dei norske dialektene. Standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka (ordbøkene.no) er mellomstore ordbøker som dekkjer det mest sentrale ordtilfanget i bokmål og nynorsk dei siste 50 åra.
Redaksjonane til dei tre UiB-ordbøkene ønskjer studentar velkomne til å forske på ord og ordbøker. Innanfor leksikologien og leksikografien kan ein velje mange retningar, som grammatikk, semantikk, pragmatikk, etymologi, uttale, sosiale og geografiske tilhøve, forholdet mellom norm og språkbruk, importord, avløysarord og norvagisering, lemmautval, fraseologi, ordbokbrukarundersøkingar, korpuslingvistikk med meir.
Ordbøkene og Språksamlingane har eit rikhaldig kjeldemateriale å by på, t.d. ulike korpus, målføresamlingar, Norsk ordbank og Metaordboka. Fleire av forslaga under er eigna for undersøkingar i éi eller fleire av desse ordbøkene og kjeldene. Om du er student på nordisk, kan rettleiing skje i samarbeid mellom tilsette ved nordisk språk og redaksjonane.
Semantikk og grammatikk
- Handsaming av konvensjonelle metaforar og metonymiar i ordbøkene. Når blir det gjeve opp at eit ord kan brukast med overført tyding? Nokre tydingar er heilt føreseielege (t.d. kvardag om ‘det vanlege livet’), andre er meir etablerte (balje om ‘båt’), andre igjen mindre etablerte (balkongplass om konkret billettplass på balkong vs. ein stad med god utsikt eller god plassering).
- Diakron studie av gradbøying. Dansk har vesentleg meir bruk av komparativ og superlativ sjølv for fleirstava adjektiv. Når «forsvann» dette frå norsken? Finst det nokon diakrone forskjellar i monofrastisk og perifrastisk gradbøying? Har dagens språkbrukarar andre intuisjonar enn forfedrane sine?
- Kor produktive er ulike avleiingsprefiks og -suffiks i norsk? Korleis kan dei kategoriserast, og kva kriterium kan ein bruke for kva for nokre og korleis dei kan ordbokførast?
- Semantisk forskjell på adjektivsuffikspara -ete og -et, og -et og -a i bokmål. Det første paret er det ein kan kalle ordinære adjektivsuffiks, medan sistnemnde i utgangspunktet er bøyingsaffiks som uttrykkjer perfektum partisipp. Bokmålsordboka har t.d. artikkel på a) hakkete, hakket og b) hakket, hakka. Desse er truleg ikkje heilt parallelle, og det kunne vore interessant å formulere reglar for kva forskjellen er. Bokmålsordboka har også smårutete, smårutet, men ikkje smårutet, småruta, sjølv om det finst mange døme i korpus på sistnemnde. Her kunne ein først gjort ein større korpusstudie for å observere variasjonen i autentisk språkbruk.
Norsk som andrespråk
- Bokmålsordboka og Nynorskordboka skal vere gode ressursar også for brukarar som har andre språk enn norsk som førstespråk. Kva særskilde behov har desse brukarane, og i kva grad stettar ordbøkene behova dei har?
Talemål og normering
- Det finst ikkje eit norsk standardtalemål, og det ligg ikkje til mandatet til standardordbøkene å peike på éin uttalevariant av ord som meir korrekt enn andre. Kva les brukarane ut av dei sparsame uttaleopplysingane ordbøkene faktisk gjev – og korleis kunne brukarane ønskje seg at ordbøkene gjer greie for uttale?
- Det er mange facebookgrupper som tek opp lokale ord og uttrykk, av typen «Gamle ord og uttrykk frå...», men òg «Du veit du er frå … « (når du seier det og det). Ein kunne følgje ei eller fleire slike grupper og sjå kva som faktisk blir diskutert. Kjem det fram ord vi ikkje har i samlingane? Kva slags ord blir tekne opp (ordklasse, semantisk felt, samansetningar/avleiingar)? Indikerer dette at det framleis går føre seg ein viss «eigenproduksjon» av lokalt/regionalt ordtilfang?
Komparative ordbokstudiar
- Komparativ studie mellom norsk og svensk: Når bruksmarkørar som «nedsättande» og «kan verka stötande» er meir frekvente i Svensk ordbok enn tilsvarande markørar i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, kjem det av skilnader i redaksjonspraksis eller skilnader i språkhaldningar?
- Ordklassesystematikk i dei tre UiB-ordbøkene, særleg ved overlapping (på den eine sida adverb, preposisjonar, subjunksjonar og på den andre sida pronomen, determinativ).
- Korleis handsamar ordbøkene importord og avløysarord?
Diakrone studiar
- Norsk har mange arveord frå norrønt, men korleis kan ordbøkene best gjere greie for ord som fanst i norrønt, men som har kome inn i norsk via dansk?
- Veksling mellom dei gammalmodige suffiksa -inne og -erske. Kva er dei morfologiske og semantiske vilkåra for at det eine suffikset blir valt framfor det andre? Syerske er veletablert, like eins lærerinne, men kvifor ikkje lærerske og syerinne?
Praksis i ordbøker
- Korleis kan Bokmålsordboka og Nynorskordboka handtere geografisk og sosial variasjon i ordpar som boss og søppel?
- Korleis kan ein best handsame variasjon i idiom og andre faste uttrykk? Kor normative blir ordbokføringane oppfatta?
- Korleis kan ein organisere bruksdøma i ordartiklar best mogeleg?
- Korleis kan ordbøkene best handtere valensopplysningar og annan syntaktisk informasjon for verb (gje nokon noko, gje noko til nokon, gje seg, gje opp, gje noko(n) opp, ...)?
- I Norsk Ordbok er det brukt ein del bruksmarkørar knytt til ulike fagdomene. Ei oppgåve kan vere å undersøkje eit slikt domene og samanlikne dei leksikografiske definisjonane her og i andre ordbøker og dessutan med tilsvarande postar i Termportalen.
Språkteknologi
Andre tema kan vere relevante for ordbokprosjekta sjølv om dei ikkje direkte handlar om ordbøker og leksikografi, t.d. problemstillingar knytt til språkmodellering og utvikling av språkressursar og -verktøy for norsk. I språkteknologisk samanheng er det stadig behov for fleire og betre ressursar. Dette gjeld mellom anna verktøy for morfologisk og semantisk analyse, vidareutvikling av korpus og kopling mellom eksisterande ressursar. På desse sidene kan du lese meir om kva språkteknologiske ressursar er, og kva dei kan brukast til:
Innleverte oppgåver og publikasjonar med relevans for prosjekta
Agnes Wigestrand Hoftun, stipendiat i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger har publisert ein artikkel om bruk av Nynorskordboka (presentert på Euralex 2022): https://euralex.org/publications/consultation-behavior-in-l1-error-correction-an-exploratory-study-in-the-use-of-online-resources-in-the-norwegian-context/
Mottakar av masterstipendet til ordbokprosjekta i 2020, Solveig Helle Jonsbråten, skreiv oppgåva «suffiks- eller ordaktig? Grammatisk og semantisk analyse av -aktig i norsk». Oppgåva finn du her: https://hdl.handle.net/11250/2762970
Mottakar av masterstipendet til ordbokprosjekta i 2021, Sofie Helen Dybdal, skreiv oppgåva «Ingen er funksjonshemmede, det er omgivelsene rundt som er». Oppgåva finn du her: https://hdl.handle.net/11250/3000826
Den eine mottakaren av masterstipenda til ordbokprosjekta i 2022, Vegard Sælen Holtås, skreiv oppgåva «Deilige damer, maskerte menn: Ei triangulerande undersøking av adjektivattributt til dame, kvinne og mann i Norsk aviskorpus (bokmål)». Oppgåva finn du her: https://hdl.handle.net/11250/3071222
Den andre mottakaren av masterstipenda til ordbokprosjekta i 2022, Helge Sverre Nåvik Ulvolden, skreiv oppgåva «Complexity-based Ordering of Suffixes in Norwegian». Oppgåva finn du her: https://hdl.handle.net/11250/3071926
Mottakar av masterstipendet til ordbokprosjekta i 2023, Kimberly Linn Peck Nyborg, skreiv oppgåva «Becoming a Woman, Linguistically: A corpus-based analysis of Norwegian age constructions with lexemes denoting unnamed persons». Oppgåva finn du her: https://hdl.handle.net/11250/3140875
Den eine mottakaren av masterstipendet i 2024, Alexandra Ignateva, undersøkte kor effektive statistiske assosiasjonsmål er for å identifisere sterke norske kollokasjonar og fleirordsuttrykk (MWEs), med særlig omsyn til kor relevante dei er for for leksikografisk arbeid. Oppgåva er ikkje tilgjengeleg via Nasjonalt vitenarkiv.
Den andre mottakaren av masterstipendet i 2024, Tiril Jåsund Schei, undersøkte forholdet nordmenn har til importord og avløysarane som Språkrådet har promotert gjennom avløysarordlista På godt norsk. Oppgåva finn du her: https://hdl.handle.net/11250/3208658
Mottakaren av masterstipendet i 2025, Anne Marie Hugøy, skreiv om adjektiv som er brukte biletleg om lukt i dei tre skandinaviske ordbøkene Bokmålsordboka, Den Danske Ordbog og Svensk Ordbok utgiven av Svenska Akademien. Oppgåva finn du her: https://hdl.handle.net/11250/5532740
Ledige stillingar
Det er for tida ingen ledige stillingar på ordbokprosjekta.
Kontaktpersonar
Margunn Rauset:
Forskar og leiar for ordbokmijøet ved UiB
Terje Svardal:
Fungerande hovudredaktør for Norsk Ordbok