I februar reiste fire studentar frå Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) ved UiB til SAR European Advocacy Days 2026 (ekstern lenke): Academic freedom as a democratic imperative i Innsbruck. Konferansen samla studentar, forskarar, forsvararar av demokratiske rettar og institusjonelle partnarar til to dagar med førelesingar, studentpresentasjonar, seminar og utflukter.

Saman med ein undervisningsassistent presenterte studentane resultatet av arbeidet sitt i emnet Skeiv teori med internasjonal digital utveksling: ein rapport som viser at den akademiske fridomen for kjønnsstudium er under press, og at åtaka på desse fagfelta får alvorlege konsekvensar.

Studentar med kompetanse i menneskerettsarbeid

Bakgrunnen for deltakinga var at emnet vart gjennomført som eit Student Advocacy Seminar (SAS). (ekstern lenke) Desse seminara gir studentar ved universitet og høgskular moglegheit til å tileigne seg kompetanse på menneskerettsarbeid i samarbeid med Scholars at Risk (SAR) (ekstern lenke), ein organisasjon som vernar truga forskarar og fremjar akademisk fridom.

Skeiv teori er det første emnet som nokon gong har blitt undervist som eit SAS ved Universitetet i Bergen. Dette gjer gruppa av internasjonale og norske studentar til pionerar, saman med undervisningsassistent og emneansvarleg. European Advocacy Days er ope for alle SAS-studentar og -tilsette, og undervisningsassistent Tiril Steiro Eide fortel at ho og studentane var samde om at konferansen var ein uvurderleg moglegheit:

– Studentane fekk formidla bodskapen sin og presentert arbeidet sitt: Academic Freedom under Pressure: A comparative report on academic freedom in Russia and the US (Sofie Kjeilen Nygaard, Alina Waldschmidt, Gabriel Lagon Holmvik, Nore Wadsten & Shuoyi Ren, 2025). (ekstern lenke)

Dei einaste studentane som presenterte om kjønnsstudium

Steiro Eide fortel at sjølv om dei var nye både i SAS-samanheng og på konferansen, følte dei seg like velkomne og verdsette som meir erfarne deltakarar. Ho legg til:

– SKOK-studentane var dei einaste som presenterte arbeid om kjønnsstudium. Eg er så stolt av Sofie, Nore, Alina og Gabriel.

For Alina Waldschmidt var konferansen ei flott oppleving der ho fekk snakke med menneske frå heile verda om aktuelle politiske tema:

– Sjølv om eg av og til kjende meg litt tom og lurte på korleis vi kan endre noko ved å berre sitje saman og snakke, så følte eg meg styrka mot slutten. Kanskje er det det konferansen handlar om: Å understreke at ein ikkje er åleine.

Skeiv teori: Frå digital utveksling til Student Advocacy Seminar

Opphavleg vart emnet gjennomført som eit samarbeid mellom SKOK og eit Florida-universitet som eit digitalt utvekslingsemne, men endringar i det politiske klimaet i USA etter at Trump kom til makta att, førte til at leiinga ved det amerikanske universitetet hindra kurset i å bli gjennomført hausten 2025. (ekstern lenke)

Utviklinga gjorde emneansvarleg ved SKOK, Kari Jegerstedt, uroleg, men ho såg også eit potensiale: ein unik moglegheit til å kombinere teori med reelle utfordringar relevante for emnet.

I samarbeid med SAS-koordinator Adam Braver og Scholars at Risk sitt Academic Freedom Monitoring Project (ekstern lenke), gjorde Jegerstedt om emnet til eit Student Advocacy Seminar. Studentane fekk i oppgåve å skrive ein rapport for SAR om situasjonen for akademisk fridom innan kjønnsstudium i USA og samanlikne denne med ståa i eit anna land.

Etter eit semester med intensivt gruppearbeid, ferdigstilte studentane rapporten som dei presenterte i Innsbruck.

To personar på eit podium snakkar til publikum, to lerret med orda Thank you i bakgrunnen
Nore Wadsten (venstre) og Sofie Kjeilen Nygård presenter rapporten på vegne av gruppa. Foto Tiril Steiro Eide

Sofie Kjeilen Nygård fortel at ho lærte mykje av arbeidet:

– Erfaringa med å ta dette kurset har gjort meg endå meir interessert i å lære meir om skeiv teori og finne ut korleis denne kunnskapen kan forme livet mitt vidare.

Ho synest òg at konferansen var svært givande, med mange interessante presentasjonar frå både forskarar og studentar. Eit høgdepunkt var å møte den ugandiske kjønnsforskaren og aktivisten Stella Nyanzi, (ekstern lenke) no SAR-forskar i Tyskland, som var digital gjesteforelesar i emnet:

– Det var så kult å sjå henne i røynda og høyre om hennar fascinerande veg inn i aktivisme gjennom ‘radical rudeness’ og nakenprotestar, seier Nygård.

To personar pratar saman på ei scene, lyttande publikum framgrunnen, og konferanseprogrammet på to skjermar i bakgrunnen
SAS-koordinator Adam Braver i samtale med Stella Nyanzi. Foto Tiril Steiro Eide

Nye måtar å tenkje pedagogikk på

Emneansvarleg Kari Jegerstedt er særs stolt av studentane sine. Når ho reflekterer over erfaringa med SAS, seier ho:

– For meg personleg har det opna for nye måtar å tenkje pedagogikk ved universitetet.

Ho innrømmer at det kjendes litt overveldande å gi relativt nye studentar i oppgåve å skrive ein fagleg rapport, som attpåtil skulle lesast av ein organisasjon som aktivt handterer truslar mot akademisk fridom:

– Det viste seg derimot å vere ei kraftfull kjelde til inspirasjon for både studentane og meg sjølv, og det gjorde klasserommet til ein stad for solidaritet og genuint seriøs diskusjon.

Ei stor læringsoppleving

Studentane oppsummerer arbeidet som "utfordrande, men givande." Å samskrive ein rapport var nytt for dei, og det tok tid å organisere skriveprosessen. Likevel vart det ei god læringsoppleving som gav mange verdifulle diskusjonar. Som ein student skriv i refleksjonsnotatet sitt:

– Eg kjenner meg trygg på at eg har dekka alle punkta knytt til generell kompetanse, som å kunne samarbeide med andre for å løyse ei oppgåve og tenkje kreativt og kritisk om aktuelle samfunnsutfordringar.

Å byggje bru mellom akademisk arbeid og praktisk engasjement

Jegerstedt seier ho er svært imponert over arbeidet studentane har gjort, både i rapporten og i dei faglege samtalane i undervisninga:

– For alle som ønskjer å byggje bru mellom akademisk arbeid og praktisk, globalt engasjement på alle nivå, kan eg varmt tilrå samarbeid med SAS. Eg kjem garantert til å halde fram med det i eiga undervisning.

Verktøy for kritisk engasjement og aktiv deltaking

Jegerstedt får støtte frå SAIH (ekstern lenke), den norske solidaritetsorganisasjonen for studentar og akademikarar. Dei introduserte SAS-konseptet for henne og kollegaer ved UiB:

– I ei tid der akademisk fridom er under press over heile verda, gir Student Advocacy Seminars studentane verktøy dei kan bruke for å arbeide kritisk og praktisk med det som engasjerer dei  – ikkje berre som observatørar, men som aktive deltakarar på universitetet, seier SAIH-leiar Henriette Reierson Johnstone.

Påverknadsarbeid kan ta mange former

Johnstone framhevar fleksibiliteten i SAS-formatet, og meiner dette er grunnen til at fleire einingar ved UiB og andre norske utdanningsinstitusjonar bør prioritere slike seminar:

– Der nokre SAS-grupper har fokusert på kampanjar for å få frigitt fengsla studentar og akademikarar globalt, valde SKOK-studentane å produsere ein fagleg rapport. Dette er ei god påminning om at påverknadsarbeid kan ta mange former.

Konklusjonen er klar, meiner Johnstone:

– Desse seminara skapar kritisk diskusjon, aukar forståinga av viktige spørsmål i vår tid, og gir studentane verktøy til å bidra meiningsfullt til forsvar av menneskerettar – både i og utanfor akademia.

Oppdatering: Hausten 2026 går emnet Skeiv teori med digital utveksling som normalt att, etter ei utvikling i Florida som gjorde det mogleg for det amerikanske universitetet å delta. Les om dette i Krono-saka "Trump-trøbbel stakk kjepper i hjulene. Nå ser det lysere ut." (ekstern lenke)

Scholars at risk (SAR)

  • SAR (ekstern lenke) er eit internasjonalt nettverk av institusjonar og enkeltpersonar med eit oppdrag om å verne forskarar og fremje akademisk fridom.
  • Ved å tilby mellombelse akademiske stillingar ved medlemsuniversitet og -høgskular, gir SAR tryggleik til forskarar som står overfor alvorlege truslar, slik at ideane deira ikkje går tapt og dei kan halde fram med arbeidet sitt til forholda betrar seg, og dei kan vende tilbake til heimlanda sine.
  • SAR tilbyr òg rådgivingstenester for forskarar og vertsinstitusjonar, kampanjar for forskarar som er fengsla eller undertrykte i heimlanda sine, overvaking av angrep på akademiske miljø globalt, og leiarskap i utviklinga av nye verktøy og strategiar for å fremje akademisk fridom og respekt for universitetsverdiar overalt.
  • Universitetet i Bergen har vore medlem av SAR sidan 2008.

Student Advocacy Seminars (SAS)

  • SAS (ekstern lenke) er tilgjengelege for alle SAR-medlemmer og blir arrangerte og rettleia av lokale vitskapleg tilsette i samarbeid med SAR.
     
  • SAS kan tilpassast den einskilde institusjonen og studentgruppa og er utforma for å gi studentar ei grunnleggjande innføring i praktisk menneskerettsarbeid.
     
  • I løpet av seminaret får studentane ei djupare forståing av verdien av den akademiske fridomen dei sjølve nyt godt av, og av risikoane forskarar og studentar verda over står i når dei søkjer kunnskap.

SAIH

  • SAIH (ekstern lenke) er ein norsk solidaritetsorganisasjon, av og for studentar og akademikarar.
  • Organisasjonen har i over 60 år arbeidd for å fremje høgare utdanning og akademisk fridom som ein menneskerett.
  • Saman med frivillige, medlemsorganisasjonar og lokale partnarorganisasjonar i sju land, kjempar dei for at alle skal ha tilgang til inkluderande og god høgare utdanning.
  • Kvart år vel 160 000 studentar å gi 20–50 kroner i tillegg til semesteravgifta til SAIH. Til saman samlar dei inn over 11 millionar kroner til kampen for høgare utdanning og akademisk fridom internasjonalt.

Samandrag av studentrapporten

Rapporten viser nokre likskapar mellom USA og Russland, som at

  • den akademiske fridomen innan kjønnsstudium har blitt markant svekt i begge statar, sjølv om nedgangen starta tidlegare i Russland og framleis er meir alvorleg der enn i USA
  • at det «uttala ønsket om å ‘verne barn’ har blitt brukt som argument i begge land for å innføre anti-LHBTQ+-lovgjeving».

Han viser også til viktige forskjellar mellom landa, som at

  • den meir desentraliserte, føderale strukturen i USA opnar for moglegheiter for motstand i såkalla «sanctuary states» og akademiske nettverk som ikkje finst i Russland, der undertrykkinga er sentralisert og utilslørt. 
  • den amerikanske modellen gjer landet sårbart for angrep på kjønnsstudium på delstatsnivå, ofte pakka inn i omgrepet «intellektuell fridom».

Rapporten avsluttar med fleire tilrådingar, som å vidare kartleggje og studere finansiering og retorikk i anti-kjønnsrørsla, og dele funna med NGO-ar og andre sivilsamfunnsaktørar.