Om forsking ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking

Senteret har eit aktivt forskingsmiljø for kjønn, seksualitet og mangfald som fremjar tverrfaglegheit. Kritisk tenking og forsking på desse områda er særs viktig for å forstå fortida vår og grunnleggjande endringar i samtida.

Bilde
Regnboge reflektert i ein dam
Foto: Unsplash/Jordan McDonald

Kva forskinga betyr

Spørsmål knytt til kjønn, seksualitet og mangfald er sentrale for styring og demokrati globalt og for korleis vi forstår oss sjølve og andre, både historisk og i samtida vår. 

Gjennom forskinga på senteret bidreg vi til ei djupare forståing av samfunnsutfordringar og grunnleggjande spørsmål innan kjønns,- seksualitets- og mangfaldsforsking.

Kva forskar vi på

Forskinga ved SKOK er i hovudsak orientert mot teoriutvikling og grunnforsking, men inkluderer også empirisk og andvend forskning. Den vitskaplege staben ved senteret har bakgrunn frå ulike fagretningar og disiplinar, først og fremst frå samfunnsvitskap og humaniora.

Her er nokre døme på kva vi forskar på:

  • Likestilling og diskriminering
  • Feminisme/feministisk teori
  • Migrasjon
  • Mangfald/multikulturalisme
  • Seksualitet/skeiv teori
  • Skeiv historie
  • Postmoderne fiksjon
  • Politikk/politisk teori
  • Postkolonialisme
  • Psykoanalyse
  • Omsorgsfull maskulinitet i klimaaktivisme
  • Kjønn, seksualitet og tjukkheit
  • Sikkerheit og motstandskraft

Vil du sjå breidda i forskinga, kan du gå vidare til oversikter over tilsette, forskargrupper og prosjekt ved senteret.

Internasjonalt samarbeid

SKOK deltek i internasjonale forskarnettverk, eksternfinansierte søknader med internasjonale partnarar og samarbeid om kjønnsforsking- og undervisning. Senteret er medlem av det nordiske nettverket InterGender (ekstern lenke) via den nasjonale forskarskulen for kjønnsforsking.

SKOK har dei siste åra vore vertskap for unge forskarspirer frå Noreg, Myanmar/Thailand og Sør-Afrika gjennom det NOREC (ekstern lenke)-finansierte prosjektet Youth Exchange against Anti-Rights, koordinert av SAIH (ekstern lenke), solidaritetsorganisasjonen for akademikarar og studentar i Noreg.

Vil du samarbeide med oss?

Kontakt leiinga

Sist oppdatert: 03.09.2026