Senteret si rolle ved Universitetet i Bergen

Senteret si kjerneoppgåve, reglement, strategi og historie.

Bilde
En gul villa med hvite detaljer i skumring, følgende ord projisert på fronten i rosa: Vi er lei av den store forskjellen. Et skrikende kvinneansikt  utgjør O-en i "Store"
Projeksjonsaktivisme i Parkveien 9, våren 2023. Aktivist og kunstnar er Rebecca Marcussen, dåverande bachelorstudent i visuell kommunikasjon ved Fakultetet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen. Foto: Silje Mari Mo

Senteret si kjerneoppgåve

Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) si kjerneoppgåve er å styrke den kritiske kjønns-, seksualitet og mangfaldsforskinga ved Universitetet i Bergen. Senteret har også, i samarbeid med fakulteta, ei viktig rolle i å initiere utvikling av undervisningstilbod innanfor feltet.

Senteret utfører kjerneoppgåva si ved:

  • å gi eit fagleg tilbod til tilsette
  • å ta særleg ansvar for kjønnsteoretisk utvikling
  • å vere ein møtestad for ulike teoriretningar innanfor forsking på og politikk relatert til kjønn, seksualitet og mangfald
  • å ha ein pådrivande funksjon internt på UiB
  • å vere ein aktiv samarbeidspartnar nasjonalt og internasjonalt.
Fagleg tilbod

SKOK har følgande fagleg tilbod for etablerte forskarar, postdoktorarar, ph.d.-kandidatar og studentar ved Universitetet i Bergen:

  • For alle vitskapleg tilsette ved UiB med interesse for grunnlagsproblematikk innan kjønns- og seksualitetsforsking, administrerer SKOK den tverrfaglege og tverrfakultære forskargruppa Kjønns- og seksualitetsforskningens grunnlagsproblemer.
  • For eigne ph.d.-kandidatar, andre doktorgradskandidatar ved UiB og doktorgradsstudentar i inn- og utland organiserer vi eigne ph.d.-kurs. Vi tilbyr også jamlege kurs i regi av den nasjonale forskarskulen i kjønnsforsking (ekstern lenke). Alle ph.d.-kursa er opne for deltakarar utanfor SKOK og UiB.
  • Som ein del av det årlege seminarprogrammet vårt, arrangerer vi bachelor,- master- og ph.d.-stafettar for deltakarar frå alle fakultet og fagfelt ved UiB som har kjønnsperspektiv i oppgåva si. Her får deltakarane høve til å presentere oppgåvene sine for kvarandre og vitskapleg tilsette ved SKOK. Etter presentasjonane får dei tilbakemelding frå både medstudentar og SKOK-tilsette. Bachelor- og masterstafettane går føre seg i vårsemesteret kvart år, medan ph.d.-stafetten blir arrangert i haustsemesteret. Alle stafettane blir annonsert i kalenderen på nettsida vår og i relevante nettverk i god tid i førevegen.

Strategi for Senter for kvinne- og kjønnsforsking

Strategien gjeld for 2023-2030.

Introduksjon

Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) er eit tverrfagleg forskingssenter som har som mål å styrkje den kritiske kjønns-, seksualitets- og mangfaldsforskinga ved Universitetet i Bergen. Spørsmål knytt til kjønn, seksualitet og mangfald er sentrale for styring og demokrati globalt, og er sentrale for korleis vi forstår oss sjølve og andre, både historisk og i samtida vår. Dei siste åra har spørsmål om kjønn, seksualitet og mangfald blitt stadig meir sentrale i politiske debattar globalt, noko som har ført til både auka konfliktar og nye moglegheiter for solidaritet og felles handling. Kritisk tenking og forsking på desse områda er særs viktig både for å forstå fortida vår og grunnleggjande endringar i samtida vår.

Overordna mål

  • SKOK skal vere eit aktivt forskingsmiljø for kjønn, seksualitet og mangfald som fremjar tverrfaglegheit og kritisk tenking og forsking.
  • SKOK skal vere eit synleg forskingsmiljø og ein attraktiv samarbeidspartnar nasjonalt og internasjonalt, samt ved Universitetet i Bergen.
  • SKOK skal bidra til ei djupare forståing av samfunnsutfordringar og grunnleggjande spørsmål innan kjønns-, seksualitets- og mangfaldsforsking.
  • Forsking, undervisning og kunnskapsformidling skal reflektere senteret sine teoretisk informerte, kritiske, historiske og globale tilnærmingar.
  • Vi skal styrkje senteret si stilling ved universitetet og sikre nye faste stillingar.

Forsking

Mål

  • SKOK skal drive uavhengig forsking som er teoretisk informert og forankra i kritiske, historiske og globale tilnærmingar.
  • SKOK skal bidra til integrering av kritiske kjønns-, seksualitets- og mangfaldsperspektiv i forsking og fremje relevansen av dette både ved Universitetet i Bergen og nasjonalt.
  • SKOK skal styrkje forskingsprofilen og sikre nye stillingar gjennom ekstern finansiering.

Verkemiddel

  • SKOK skal publisere forsking i relevante publiseringskanalar. 
  • SKOK skal aktivt bruke forskargruppene ved senteret for å utvikle og nå forskingsmåla våre. 
  • SKOK skal vidareutvikle og vedlikehalde infrastrukturen for å skrive søknader av høg kvalitet.
  • SKOK skal vidareutvikle og nyttegjere seg av ressursida for kjønnsperspektiv i forskinga, forskargrupper og aktiv dialog med andre einingar ved UiB for å fremje relevansen av kjønn, seksualitet og kritiske mangfaldsperspektiv.
  • SKOK skal utvikle strategiske forskingsområde innanfor grunnleggjande teoretiske spørsmål og globale utfordringar.

Utdanning

Mål

  • SKOK skal tilby forskingsbasert undervisning av høg kvalitet på alle nivå.
  • SKOK skal ha ein tydeleg undervisningsprofil med vekt på grunnleggjande spørsmål innan kjønns-, seksualitets- og kritiske mangfaldsstudiar, inkludert teoretiske tankemåtar og historiske og globale perspektiv.
  • SKOK skal utdanne studentar som kan bruke kunnskapen dei tileignar seg i yrkesliva sine, så vel som i vidare studiar og akademiske karrierar. 
  • SKOK skal ha eit levande, inkluderande og akademisk stimulerande miljø for studentane våre
  • SKOK skal vere ein ressurs for utvikling og integrering av kjønns-, seksualitet- og kritiske mangfaldsperspektiv i utdanninga ved Universitetet i Bergen, og søkje undervisningssamarbeid både nasjonalt og internasjonalt
  • SKOK skal jobbe for å auke talet på studentar som fullfører bachelorgradene sine i kjønnsstudium.

Verkemiddel

  • SKOK skal styrkje rekruttering av studentar ved å delta på arrangement som Open dag, bli meir synleg på nettplattformer og synleggjere studentperspektiv.
  • SKOK skal styrkje mottaking og støtte for studentar, inkludert organisering av “studiestartseminar”.
  • SKOK skal styrkje posisjonen til fagutvalet for kjønnsstudium i arbeidet deira med å skape eit fellesskap blant medstudentar, støtte studentlæring og motivasjon. 
  • SKOK skal leggje til rette for månadlege møte i fagutvalet og assistere dei med organisering av både sosiale og fagleg orienterte arrangement kvar semester. 
  • SKOK skal organisere val av to studentrepresentantar, samt to varamedlemmar, for kvar ny programkohort, som vil delta i fokusgruppemøte med utdanningskoordinator. 
  • SKOK skal jobbe med utviklinga av eit program for kjønnsstudium på masternivå i samarbeid med andre fagmiljø ved UiB. 
  • SKOK skal styrkje dei praktiske komponentane i studieprogramma og leggje til rette for livslang læring. 
  • SKOK skal ha regelmessige undervisningsseminar for å utveksle idear og vidareutvikle varierte og nyskapande undervisnings- og evalueringsmetodar. 
  • SKOK skal systematisk arbeide med å styrkje studieprogramma og undervisningsmetodane i dialog med andre norske institusjonar og internasjonale samarbeidspartnarar.
  • SKOK skal aktivt støtte studentar i å oppdage relevansen av kjønns- og seksualitetsforsking i ulike yrkesretningar, gjennom aktivitetar som arbeidspraksis, relevante arrangement og oppdaterte studentvitnesbyrd på SKOK si nettside. 
  • SKOK skal aktivt fremje den samfunnsmessige relevansen og viktigheita av studieprogramma. 
  • SKOK skal arrangere stafettar for bachelor- og masterstudentar som skriv oppgåver med kjønnsperspektiv.
  • SKOK skal fremje internasjonalisering ved å tilby virtuell utveksling og utvide utvekslingstilbodet for SKOK sine bachelorstudentar som vil studere i utlandet.
  • SKOK skal søkje ekstern finansiering for å styrkje studieporteføljen.

Forskarutdanning

Mål

  • SKOK skal skape dei beste vilkåra for å utvikle teoretiske, kritiske, globale og historiske måtar å tenke på, og vil tilby eit miljø der doktorgradskandidatar får trening i å bidra til den internasjonale forskingsfronten. 
  • SKOK skal bidra til utvikling og integrering av perspektiv frå kjønn, seksualitet og kritisk mangfald i opplæringa av forskarar ved Universitetet i Bergen.

Verkemiddel

  • SKOK skal skape eit stimulerande akademisk miljø for doktorgradskandidatar gjennom forskargruppene, og arbeide for å auke rettleiingskompetansen til og samarbeidet mellom rettleiarar. 
  • SKOK skal leggje til rette for internasjonale forskingsbesøk gjennom utvekslingsavtalar med leiande internasjonale universitet.
  • SKOK skal vidare auke kvaliteten på avhandlingane som blir leverte ved å organisere avsluttande seminar. 
  • SKOK skal planleggje pliktarbeidet slik at det gir innsikt i ulike aspekt av vitskapleg arbeid, styrkar forskaropplæringa og gir føreseielegheit for kandidaten. 
  • SKOK skal oppmuntre og støtte doktorgradskandidatar i å organisere ulike fellesinitiativ og vitskaplege arrangement. 
  • SKOK skal vidareutvikle undervisning på doktorgradsnivå gjennom eigne doktorgradskurs og i samarbeid med Den nasjonale forskerskolen i kjønnsforskning, samt med InterGender-konsortiet og deira forskarskule. 
  • SKOK skal arrangere tverrfaglege møteplassar og årlege møter for doktorgradskandidatar med interesse for kjønnsforsking, som til dømes ph.d.-stafetten.
  • Leiinga og administrativt tilsette ved SKOK skal støtte senteret sine kjerneaktivitetar innan forskaropplæring.

Formidling

Mål

  • SKOK skal bidra til ein opplyst og inkluderande offentleg debatt ved å formidle kunnskap til, og i dialog med, eit breitt lag av samfunnet.
  • SKOK skal arbeide for ansvarleg forsking ved å gjere forskinga ved senteret opa tilgjengeleg for interessentar, inkludert dei som blir påverka av forskinga vår.
  • SKOK skal oppretthalde det unike ansvaret vi har for å fremje tverrfagleg kjønns-, seksualitets- og kritisk mangfaldsforsking og dialog mellom forskarar og studentar ved UiB.

Verkemiddel

  • SKOK skal spreie og diskutere dei særprega bidraga frå kjønns-, seksualitets- og kritisk mangfaldsforsking i akademiske og offentlege debattar.
  • SKOK skal utvikle kommunikasjons- og formidlingsplanar som ein integrert del av forskingsaktivitetar og forskingsprosjekt.
  • SKOK skal etablere interne støttestrukturar for vitskapleg tilsette som er involverte i debattar om kontroversielle tema.
  • SKOK skal nytte ulike medium og kommunikasjonskanalar for å nå eit større publikum, til dømes den årlege SKOK-debatten og andre offentlege arrangement, tradisjonelle og sosiale medium, og aktiv oppdatering og promotering av ressurssida vår for kjønnsperspektiv i forskinga.
  • SKOK skal leggje til rette for og oppmuntre til publisering, helst med open tilgang (Open Access), til dømes gjennom interne seminar.
  • SKOK skal styrke mediekompetansen og den digitale kompetansen til dei tilsette gjennom kurs, medietrening og deltaking i offentlege debattar.

Leiing, administrasjon og HMS

Mål

  • SKOK skal ha eit raust, inkluderande og stimulerande arbeidsmiljø prega av tillit og trivsel, der fagleg utvikling er sentralt.
  • SKOK skal bidra til UiB sin innsats for å auke mangfaldet.
  • Leiinga og dei administrativt tilsette skal støtte senteret sine kjerneaktivitetar innan forsking, utdanning og formidling.
  • SKOK skal ha gode rutinar og ein god kommunikasjonsflyt mellom det vitskaplege og administrative personalet når det gjeld forsking, undervisning, formidling og innovasjon. 
  • SKOK skal bidra til UiB sine tiltak for å bli meir berekraftig. 
  • SKOK skal bidra til UiB sine tiltak for å skape eit arbeidsmiljø utan mobbing, trakassering eller diskriminering.

Verkemiddel

  • SKOK skal innarbeide rutinar for ulike arbeidsområde og klargjere forventningar og arbeidsdeling.
  • SKOK skal utvikle klar, regelmessig og effektiv internkommunikasjon gjennom faste møter og interne seminar.
  • SKOK skal prioritere naudsynt støtte til og infrastruktur for dei vitskapleg tilsette slik at dei effektivt kan utføre forsking, undervisning og formidling.
  • SKOK skal ta omsyn til mangfald i rekrutteringsprosessar og samarbeid, inkludert deltaking i seminar.
  • SKOK skal støtte kompetansebygging og karriereplanlegging for dei administrativt tilsette.
  • SKOK skal leggje til rette for og oppmuntre til digitale møter, bruk av tog/buss i staden for fly og bil, og servere vegetarmat på møter, seminar og sosiale samankomstar.
  • SKOK skal auke bevisstheita, både ved SKOK og UiB, om trakassering og diskriminering.
  • SKOK skal ha sosiale samankomstar kvar månad.
  • SKOK skal tilby alle tilsette årlege medarbeidarsamtalar.
  • SKOK skal ha årlege HMS-seminar.

Internasjonalisering

Mål

SKOK skal ha ein internasjonal profil i forsking, undervisning og formidling og søkje internasjonalt samarbeid når det er mogleg.

Verkemiddel

  • SKOK skal vidareutvikle internasjonalisering gjennom å oppretthalde tette relasjonar med utvalde nettverk og utanlandske undervisnings- og forskingsinstitusjonar. 
  • SKOK skal bruke rekruttering strategisk for å fremje internasjonalisering. 
  • SKOK skal arbeide for å ha ein internasjonal professor II til ei kvar tid. 
  • SKOK skal støtte UiB sin tospråklege politikk (norsk/engelsk). 
  • SKOK skal støtte nytilsette med internasjonal bakgrunn og utvikle eit «buddy»-system for nye tilsette ved SKOK.
  • SKOK skal søke om ekstern finansiering med internasjonale partnarar.
Sist oppdatert: 01.09.2026