Studere ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking

Som student hos oss vil du lære om idear om kjønn og seksualitet frå ulike teoretiske perspektiv, slik som feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori, psykoanalyse, feministisk vitskapsfilosofi, globalisering og likestilling. Du vil også få moglegheiten til å teste ut det du lærer i praksis.

Bilde
Smilande personar i finkle på bachelorseremoni ved UiB
Bachelorseremoni for kjønnsstudiar i 2025. Foto: Thor Brødreskift

Kva kan du studere her?

Ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking kan du ta ein bachelorgrad i kjønn, seksualitet og mangfald. 

På dette bachelorprogrammet utforskar vi spørsmål knytt til kjønn, seksualitet og mangfald. Desse spørsmåla er avgjerande for å kunne forstå menneska, kulturen og det samheldet vi lever i, både notidig og historisk, og er eit viktig utgangspunkt for å tenke kritisk omkring endring og sosial rettferd. 

Hos oss er dei tre første semestra av bachelorgraden fokusert rundt kjønnsemne. Kjønnsstudiet undersøker ei rekke historiske og samtidige tydingar av kjønn i ein global samanheng. Nokre sentrale spørsmål ein stiller, er korleis kjønn blir forstått i ulike kulturelle kontekstar, og korleis dominerande forståingar av kjønn endrast over tid. Dei tre siste semestra veljer du fordypning i eit anna fagområde, til dømes sosialantropologi, litteraturvitskap, historie, sosiologi eller engelsk.

Vi tilbyr også eit årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald. I dag kjem stadig meir varierte uttrykk for kjønn og seksualitet til syne i offentlegheita. Tar du årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald, vil du lære meir om korleis desse uttrykka endrar seg, kva tyding dei har for organiseringa av samfunnet, korleis dei heng saman med maktstrukturar og korleis dei vert problematiserte i vitskap, kunst og kultur. Studiet er først og fremst retta mot deg med litt studieerfaring frå tidlegare.

Slik er det å vere student her

Som student hos oss blir du del av eit engasjert og tverrfagleg fagmiljø. Studiet er eit fulltidsstudium og krev sjølvstendig arbeid, aleine og saman med medstudentar. Ei vanleg veke har 6-14 timar undervisning, seminar og forelesingar, hovudsakleg på norsk, med tekstar både på norsk og engelsk. 

Det er forventa aktiv deltaking gjennom diskusjonar, gruppearbeid og mindre innleveringar, med vekt på teoretiske perspektiv, omgrep og sjølvstendig refleksjon. Du får òg høve til å møte yrkeslivet i praksis og jobbe kreativt med faglege spørsmål og reelle samfunnsutfordringar saman med internasjonale studentar.

Undervisninga går føre seg på Nygårdshøyden, midt i Bergen sentrum, med tilgang til lesesalar, bibliotek, treningssenter og sosiale møteplassar. På Senter for kvinne- og kjønnsforsking kan du lese saman med andre studentar, ete lunsj og delta på aktivitetar i regi av fagutvalet.

Fagutvalet for kjønnsstudiar

Fagutvalget sitt arbeid fokuserar på å skape samhald blant studentar, blant anna gjennom å organisere ulike typar sosiale og faglege samankomstar i løpet av studieåret. Utvalet blir drive av studentar etter initiativ, ønskjer og kapasitet. Det består av tillitsvalde og medlemmar som ønskjer å anten delta på møter eller få erfaring med verv og organisasjonsarbeid. 

Fagutvalget er på mange måtar eit mellomledd mellom studentane og leiinga ved senteret, og gir studentane moglegheit til å påverke gjennom å ha representantar i ulike styre og utval på institutt- og fakultetsnivå.

SKOK har ein fagutvalgskoordinator som hjelper studentane med spørsmål om drift og økonomi: Mari-Kristine Morberg.

For meir info, send e-post til fagutvalg.skok@uib.no. Bli med i Facebook-gruppa SKOK-fagutvalg (ekstern lenke) og følg fagutvalet på Instagram (ekstern lenke) for å få oppdateringar om aktivitetar og arrangement organisert eller anbefalt av utvalet.

Etter studia

Kunnskap om kjønn, seksualitet og mangfald er etterspurt kompetanse i mange yrke. Aktuelle jobbar er:  

  • rekrutterar   
  • rådgjevar og konsulent for private verksemder og ideelle organisasjonar
  • administrasjonsansvarleg
  • forskar
  • rådgjevar innanfor studieadministrasjon   
  • kommunikasjonsrådgjevar 

Les kva tidlegare kjønnstudentar jobbar med.

Lurer du på noko?

Har du spørsmål om studiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, eller vil du vite meir før du søker? Ta kontakt med oss!

Telefonnummer
+47 55 58 27 05
E-post
studierettleiar@skok.uib.no
Besøksadresse
Parkveien 9, 5007 Bergen
Åpningstider

9.00-15.45

Sist oppdatert: 02.09.2026