Leiargruppe
Rasmus T Slaattelid
Senterleiar
Tone Lund-Olsen
Administrasjonssjef
Råd og utval
Senter for vitskapsteori blir leia av ein sentarleiar og har ei styringsordning der universitetet sitt forskingsutvalg er høgste rådgjevande organ for hovudlinjene for den faglege verksemnda ved senteret, inkludert den vitskapsteoretiske opplæringa i forskarutdanningane. Stabsmøtet er eit rådgjevande organ for senterleiaren.
Forskingsutvalet ved UiB
Forskingsutvalet er høgste rådgjevande organ for hovudlinjene i den faglege verksemda ved senteret. Dette inkluderer ansvar for den vitskapsteoretiske opplæringa i forskarutdanningane. Senteret rapporterer årleg til utvalet og deltek som observatør i relevante saker. Senteret har observatørrett i Forskingsutvalet i saker som gjeld vitskapsteoretisk opplæring i forskarutdanninga.
Stabsmøte
Stabsmøte er eit rådgjevande organ for senterleiaren i saker som gjeld hovudlinjene for verksemda ved senteret og andre prinsipielt viktige saker, men også i saker som gjeld den daglege verksemda ved senteret.
Stabsmøte skal fungere som informasjons- og kontaktorgan mellom senterleiar og dei tilsette og andre som har arbeidsplass ved senteret. Alle som er tilsette ved senteret eller som har arbeidsplass ved senteret, har møte- og røysterett. Senterleiar kaller jamleg saman til stabsmøte, og minst tre gonger i semesteret.
Stabsmøte kan handsame og uttale seg i saker som gjeld organisering og planlegging av verksemda, prinsipp for ressursbruken, budsjett og økonomi. Senterleiar kan elles be om at stabsmøtet uttalar seg i kva sak som helst.
Stabsmøte er ikkje eit rådgjevande organ for tilsetjingssaker og andre saker som gjeld enkeltpersonar.
Administrasjon
Senteret deler administrasjon med Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK). Under finn du ei oversikt over dei administrativt tilsette i fellesadministrasjonen til SKOK og SVT.