Senteret sitt mandat
Senter for vitskapsteori (SVT) forskar på grunnlagsproblem i vitskapane og på produksjon og bruk av kunnskap frå epistemologiske, etiske, og samfunnsmessige perspektiv.
Senter for vitskapsteori er eit tverrfagleg og interfakultært senter med fagleg ansvar for vitskapsteoretisk forsking, utdanning, og formidling ved Universitetet i Bergen (UiB). Dette inkluderer mellom anna følgjande oppgåver:
- Senteret skal drive forsking og forskarutdanning i vitskapsteori.
- Senteret har ansvar for å gjennomføre opplæring i vitskapsteori og etikk i forskarutdanningane ved Universitetet i Bergen i samarbeid med fakulteta.
- Senteret har programansvaret for universitetet sitt masterprogram i berekraft.
- Senteret har emneansvar for dei interfakultære 200-emna, Sentrale spørsmål i vitskap og samfunn (Danningsemna).
- Senteret skal gje tilbod i vitskapsteori på forskarnivå, gjerne i samarbeid med andre fagmiljø.
- Senteret skal bidra til at det blir ført debatt om vitskapsteoretiske spørsmål, og i den grad ressurstilgangen tillet det, stå til rådvelde for andre fagmiljø ved UiB i vitskapsteoretiske spørsmål, samt bidra til vitskapsteoretisk utdanning og formidling på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Reglement for SVT
Under finn du reglementet for SVT, vedteke av Universitetsstyret 15.2.2007.
Handlingsplan for Senter for vitskapsteori
Under finn du gjeldande handlingsplan for senteret per 2026.
Forsking
Forskinga ved SVT siktar mot god balanse mellom eksternfinansiert og grunnløyvingsfinansiert forsking og tett samanheng mellom forskingsaktiviteten og undervisninga.
Senteret har ei forskargruppe i vitskapsteori som omfattar heile den vitskaplege staben. Som eit ledd i å vidareutvikle forskingsaktiviteten ved SVT vil senteret etablere ei prøveordning med mindre tematiske undergrupper i tillegg til den overordna forskargruppa i vitskapsteori.
Utdanning
Den ordinære undervisinga ved SVT går i hovudsak føre seg på tre nivå:
- Ph.d.-programma på enkeltfakultet ved UiB.
- Masterprogrammet i berekraft ved UiB
- VIT200-emna "Sentrale spørsmål i vitskaps og samfunn" (Danningsemna)
- Ph.d.-emne på prosjekt som AFINO (Ansvarlig Forsking og Innovasjon i Norge) og ARINA (Ansvarlig og Radikal Innovasjon: Nettverk og læringsArena).
- Undervisning i andre studieprogram ved UiB i emna vitskapsteori og etikk.
Masterprogrammet i berekraft har funne si form, samtidig som tilpassing og utvikling av emne, organisering og pedagogisk innretning er naudsynt.
For å sikre god bruk av senterets undervisingsressursar i masterprogrammet, vil SVT i komande periode søkje å involvere større delar av den vitskaplege staben i programmet, mellom anna ved å etablere eit oversyn over tilgjengelege tema for masteroppgåver i berekraftprogrammet som staben ved SVT kan rettleie.
SVT underviser i vitskapsteori og etikk ved ph.d.-programma på Det humanistiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet, Det psykologiske fakultet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og er involvert vitskapsteoriemne på Det juridiske fakultet, og Det medisinske fakultet, samt i utvikling av undervisning i vitskapsteori for kunstnarleg forsking/utviklingsarbeid med relevans for Fakultet for kunst, musikk og design.
SVT gir også undervisning i vitskapsteori og etikk i eit utval av studieprogram ved UiB i tillegg til dei som er nemnde ovanfor.
På forskarnivå har SVT undervisning og rettleiing i mange former som til dømes innlegg om vitskapsteori og etikk i instituttseminar og på andre nivå i organisasjonen, samt rettleiing og rådgjeving i samband med utvikling av forskingssøknader og større forskingsprosjekt (BOA-teamet).
SVT har som mål å utvikle fleire modular som kan brukast på tvers av fakulteta i ph.d.-emna i vitskapsteori og etikk.
SVT vil vidareutvikle samarbeidet om forskarutdanninga i vitskapsteori og etikk ved Det juridiske fakultet.
Formidling
Formidling og kommunikasjon utgjer ein stor del av dei faktiske arbeidsoppgåvene ved senteret. Dette skjer gjennom foredrag, bidrag i tradisjonelle og nye medier, høyringssvar i relevante saker, deltaking i komitear og utval, og rådgjeving.
For å betre den indre kommunikasjonsflyten vil senteret som ei forsøksordning etablere ein nyhendekanal for tilsette.
Arbeidsmiljø
SVT har kontorplassar for staben spreidd over to adresser, Harald Hårfagres gate 1 (HH1) og Parkveien 9 (Pv9). For å leggje til rette for fagleg og sosialt fellesskap trass i spreidd lokalisering vil SVT
- Leggje til rette for fleire fagleg-sosiale møteplassar, slik som t.d. felles lunsjdag, suppelunsj etc.
- Oppgradere fellesareala i kjellaretasjen for å gjere dei trivelegare og høvelegare som kombinert lunsj- og møterom.
Karriereutvikling og rekruttering
Senteret har tilsette i mange ulike stillingstypar, frå forskings- og undervisningsstillingar, via reine forskarstillingar, til postdoktorar, ph.d.-kandidatar, vitskaplege assistentar, i tillegg til administrativ stab.
Når det gjeld karriereutvikling vil senteret leggje vekt på å gje stipendiatar og postdoktorar høve til å få undervisingserfaring som kvalifiserer for framtidig karriere. For stillingar der finansieringa ikkje inkluderer pliktarbeid vil senteret, når økonomien tillet det og arbeidsoppgåver er tilgjengelege, leggje til rette for å opparbeide undervisingserfaring.
Dei reine forskarstillingane har etter regelverket normalt ikkje høve til å delta i den ordinære undervisinga. Dette representerer eit vesentleg hinder i karriereutviklinga for denne gruppa som dermed misser høvet til å kvalifisere seg for ordinære forskings- og undervisingsstillingar.
EU-kommisjonen har tildelt Universitetet i Bergen statusen «HR Excellence in Research» (HREiR) basert på "Charter and Code for researchers". HREIR forpliktar UiB til å arbeide for å fremje forskarane sine karrierer. SVT vil setje denne problemstillinga høgt på dagsorden.
Senterets institusjonelle forankring
SVT har dei siste 15 åra meir enn dobla talet på tilsette, dels knytt til eksternfinansierte prosjekt, dels knytt til nye undervisingsoppgåver.
Senterets styringsmodell er basert på tilsett senterleiar og eit rådgjevande stabsmøte. Denne modellen har fungert godt, særleg då senteret hadde monaleg færre tilsette arbeidsoppgåver enn i dag.
SVT vil ta initiativ til å utgreie alternativ styringsmodell med leiargruppe, eksempelvis med forskingskoordinator og undervisingskoordinator i tillegg til senterleiar.
Stabsmøtet er det rådgjevande organet for senterleiar og er samansett av alle som er tilsette ved, eller har sin arbeidsplass ved senteret. Etter at senteret har fått programansvaret for masterprogrammet i berekraft vil det vere naturleg at også masterstudentane blir representerte i stabsmøtet.
SVT har ei dobbel forankring ved UiB, administrativt til HF, og fagleg til Forskningsutvalet ved UiB. For at denne doble forankringa skal fungere godt trengst ein gjennomgang og samordning av mandatet for SVT og det sentrale forskingsutvalet.
Senteret si historie
Senter for vitskapteori (SVT) vart oppretta i 1987 som ein permanent interfaktultær institusjon ved Universitetet i Bergen.
Fagfeltet vitskapsteori vart, i samsvar med Jeløya-konferansen 1975 i regi av Forskingsrådet, definert som filosofisk, historisk og samfunnsvitskapleg forsking på den rolla dei ulike vitskapane spelar i samfunnet og på kunnskapsteoretiske og etiske sider ved vitskapleg forsking og ved bruken av slik forsking.
Den første tida var senteret lokalisert i Allegt 32, og frå hausten 2008 vart senteret samlokalisert med Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) i Allegt. 34, vis a vis Realfagsbygget sør på Nygårdshøyden i Bergen. Frå 2018 har både SVT og SKOK halde til i Ida Bloms hus i Parkveien 9, rett ved Studentsenteret.
Heilt frå første stund har senteret hatt som si særlege oppgåve å ta seg av doktorgradsopplæringa i vitskapteori og etikk ved dei ulike fakulteta ved UiB.
I høve Universitetet i Bergen sitt 75-årsjubileum i 2022, blei verket "Vitenskap og vitenskapshistorier, bind 1–3: Universitetet i Bergen 1946-2021" publisert. I Kapittel 2: Vitenskapsteori og doktorgrader – Minerva mot Mammon? av Åsmund Borgen Gjerde (ekstern lenke) kan du lese meir om opprettinga av senteret og historia om undervisning i vitskapsteori for doktorgradskandidatar ved UiB.