Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur. I tillegg omfattar emnet ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med framdriftsplan, som er grunnlag for tildeling av rettleiar.

Emnet omfattar sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor moderne litteraturvitskap og vil såleis danne grunnlag for sjølvstendig arbeid med litteraturfaglege spørsmål.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei og inngåande kjennskap til litteraturfaglig teori, fortolking og metode

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan diskutere teorigrunnlaget i ein fagtekst
  • kan finne relevant forskingslitteratur
  • kan planlegge og strukturere eit støre forskingsarbeid

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan arbeide kritisk og systematisk med sentrale problemstillingar innanfor litteraturfaget.
  • kan utarbeide relevante problemstillingar og meistre arbeidsmetodar som trengst for å jobbe sjølvstendig med eit lengre litteraturfagleg arbeid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ikkje relevant.
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar 15 studiepoeng med ALLV302. Studentar med opptak på masterprogrammet før haust 2024 skal ta ALLV301 og ALLV302 i staden for ALLV300 og eit anna valemne jf. studieplanen deira.
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på inntil 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er eit obligatorisk arbeidskrav at studenten mot slutten av semesteret skal levere og få godkjent ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt på minimum 1000 ord og maks 1200 ord. Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12 og linjeavstand 1,5.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen i ca. 30 minutt kor ein kan bli prøvd i heile pensum.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Vår. For studentar med rett til ny vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Pensum omfattar eit utval tekstar av sentrale bidragsytarar til moderne litteraturteoretiske og metodiske felt. Sjå eiga pensumliste.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Programstyret for litteraturvitskap.
Emneansvarleg
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium