Litteraturvitskapleg grunnkurs
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- ALLV301
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
ALLV301 tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar. I tillegg omfattar emnet ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med framdriftsplan, som er grunnlag for tildeling av rettleiar.
ALLV301 er eit praktisk innføringskurs som skal munne ut i ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med framdriftsplan.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten
- har omfattande kunnskap om eit sjølvalt felt i litteraturvitskapen
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan finne relevant forskingslitteratur
- kan planlegge og strukturere eit støre forskingsarbeid
- kan diskutere sitt eige og andre sine forskingsarbeid munnleg
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan utarbeide relevante problemstillingar og meistre arbeidsmetodar som trengst for å jobbe sjølvstendig med eit lengre litteraturfagleg arbeid
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er organisert som seminarsamlingar, men omfattar også gruppearbeid, eigne arbeid, felles og individuell rettleiing. Normalt omfang er inntil 30 undervisningstimar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
ALLV301 skal munne ut i ei skriftleg utarbeiding av eit prosjekt med arbeidsplan (inntil 8 sider). Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12 og linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.