Litteraturvitskapleg særemne III
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- ALLV306
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.
Emnet er eit litteraturfagleg spesialiseringsemne som blir valt ut frå dei kurstilboda som fagmiljøet har til ei kvar tid på 200- og 300-nivå. Det omfattar litterære tekstar og litteraturfagleg relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema.
Ta kontakt med studierettleiar eller emneansvarleg om du har spørsmål om pensum eller pensumoverlapp. Det er ikkje mogleg å ta eksamen i same tema meir enn ein gong.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten
- får avansert kunnskap om eit avgrensa felt av litteraturvitskapen, for eksempel ein genre, eit forfattarskap, ei litterær epoke.
Ferdigheiter
Kandidaten
- får oppøving i kritisk og sjølvstendig handsaming av fagets teoriar og metodar.
Generell kompetanse
Kandidaten
- får oppøving i å formidla litteraturvitskapleg kunnskap munnleg og skriftleg.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman om lag 30 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er sett saman av ca. åtte verk omkring eit nærare avgrensa og litteraturfagleg relevant emne. Av dei åtte verka skal minst to vere litterære og minst to teoretiske. Tema kan konsentrerast om ein litteraturhistorisk periode, ein litterær tradisjon, ein genre, ein forfattarskap, eit tema, eit motiv eller ei teoretisk problemstilling. Pensum må ikkje liggje for tett opp til det som er tema for masteroppgåva, og skal normalt ikkje omfatte verk eller tekstar som ein har lagt opp ved tidlegare universitetseksamenar.
Det er også mogleg å byggje opp sine eigne særemne i samråd med faglærar.