Innføring i arkeologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ARK100
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Til vanleg norsk eller eit anna skandinavisk språk. Undervisning på engelsk kan førekomme.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tek sikte på å gje ei innføring i:
1) arkeologifaget
2) fagets nøkkelomgrep
2) fagets vitskapsteoretiske utvikling og bruk av ulike metodar
3) kunnskapsproduksjon i arkeologifaget
5) arkeologifagets relaterte disiplinar og korleis desse vert nytta
6) forvaltning av kulturminner i ulike periodar og regionar
Emnet gir ei innføring i arkeologifaget og relaterte disiplinar. Eit hovudtrekk i kurset er å gje innsikt i kva arkeologi er, og vise ulike tilnærmingar til faget og disiplinen. Studentane får innsikt i korleis faget har utvikla seg, på bakgrunn av sentrale vitskapsteoretiske strømmingar, faghistorie, grunnleggjande metodiske prinsipp og kritisk tenking. Emnet vil og innehalde ein ekskursjon til kulturminne frå ulike periodar i Bergensregionen.
ARK100 inngår ikkje i ei spesialisering i arkeologi, men vert tilrådd for dei som vil spesialisere seg i arkeologi.
For å vite meir om ARK100, sjå vår temaomtale.
Læringsutbyte
Ved fullført emne har studenten oppnådd følgjande:Kunnskap
- Studenten har kunnskap om fagets utvikling knytt opp mot teoretisk og metodisk utvikling.
- Kjennskap til grunnleggjande omgrep innanfor arkeologifaget og korleis desse har utvikla seg.
- Generell kunnskap om ulike typar kulturminne, lokaliseringa deira og forvaltning.
Ferdigheiter
- Studenten har evne til å vurdere og å setje seg inn i generelle faglege tekstar både på skandinaviske språk og engelsk, samt evne til å kunne skrive korte resonnerande tekstar.
Generell kompetanse
- Studenten kan vurdere og samanfatte informasjon henta frå ulike kjelder og sett frå ulike synsstadar.