Organismebiologi 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål for emnet er å gi ein oversikt over livets opphav, systematikk og evolusjon. Studenten vil bli presentert for generelle bygningstrekk hos sentrale organismegrupper via førelesninger og laboratorieøvinger. Klassiske dissekerings- og mikroskoperingsteknikker vil bli brukt til å demonstrere morfologiske strukturar og biosystematiske detaljer hos utvalde plantar og dyr. Dyrking og mikroskopering vil bli brukt for å vise morfologi og førekomst av ulike mikroorganismar.

Emnet inkluderer eit omfattande laboratoriekurs.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • Skal kjenne til dei forskjellige hovudgruppene av prokaryote organismar, protistar, sopp, plantar og dyr, og kva som definerer desse.
  • Skal kjenne til sentrale omgrep som blir brukt innan studiar av fylogeni, taksonomi og biologisk mangfald.
  • Kan gjere greie for korleis dei forskjellige organismegruppene har utvikla seg.
  • Skal kjenne til dei ulike organismegruppene sin biologi og anatomi for å forstå deira biosystematiske plassering, evolusjonsforløp og slektskap.

Ferdigheitar:

  • Kan bruke grunnleggjande laboratorieteknikkar for å studere, identifisere og klassifisere sentrale organismegrupper
  • Kan framstille eigne resultat frå laboratoriearbeid i form av teikningar, tabellar og figurer etter relevante deler av IMRaD (Introduksjon, Materiale og metode, Resultat, Diskusjon) formatet.

Generell kompetanse:

  • Kan samarbeide med medstudentar om aktiv læring på gruppearbeid, seminar og laboratorieøvingane.
  • Kan reflektere over og vise evne til kritisk tenking rundt eigne resultat og funn.
  • Kan opptre ansvarleg i forhold til reglar og retningslinjer for arbeid i laboratoriet.
  • Kan klassifisere organismar etter spesifikke karaktertrekk.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon

BIF101: 6 studiepoeng.

Tidligare emne: BIO111 Zoologi (5 studiepoeng), BIO112 Botanikk (5 studiepoeng), BIO113 Mikrobiologi (5 studiepoeng).

Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Gruppeundervisning, seminar og laboratoriekurs
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på laboratoriekurs og godkjent labjournal. Obligatorisk aktivitet er gyldig i 6 påfølgande semester.
Vurderingsformer

Mappeevaluering der karakteren er basert på:

  • Poeng frå tester på seminar (20% av karaktergrunnlaget).
  • Poeng på labrapport (20% av karaktergrunnlaget).
  • Avsluttande skriftleg eksamen på 3 timar (60% av karaktergrunnlaget).

Eksamen består av tre delar som kvar tel 1/3: mikrobiologi, zoologi og botanikk.

Studentar som tar opp igjen emnet i undervisningssemesteret

Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet frå tidlegare semester skal berre ta avsluttande eksamen og resultatet frå denne utgjer heile karaktergrunnlaget.

I semester utan undervisning

Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet kan ta eksamen og resultatet frå denne utgjer heile karaktergrunnlaget.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Navn på emneansvarlig ligger på MittUiB.Kontakt eventuelt studieveileder på instituttet
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.