Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I samfunnsøkologien studerer vi korleis artar samverkar og formar grupper av populasjonar som vi kallar samfunn. Emnet gir ei innføring i dette temaet gjennom studiar av marine samfunn. Vi gir ei oversikt over ulike typar marine samfunn og kva som kjenneteiknar miljøet og organismane i desse. Vi vil fokusere på korleis organsimar er tilpassa miljøet dei lever i og korleis individ og artar påverkar kvarandre og dermed formar struktur og dynamikk i eit samfunn. Vi vil særleg ta for oss interaksjonar mellom predator og bytte og vidare legge vekt på korleis samfunn kan varierer over tid (f eks gjennom året). Vi ser også på korleis mennesket påverkar marine samfunn. Vi vil gå i djupna rundt eit utval av tilpassingar og prosessar som påverkar samfunnsdynamikk og utføre mindre litteraturbaserte forskingsprosjekt knytt til desse.

Vi les boka Marine Community Ecology and Conservation (2013) av Bertness et al.

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten kan:

  • gjere greie for ulike typar marine samfunn og habitat, og kva som kjenneteiknar desse samfunna med omsyn til det fysiske og biologiske miljøet
  • analysere og vurdere moglege samband mellom miljøet organismar lever i og evolusjonære tilpassingar hos organismane
  • bruke økologisk teori til å forklare korleis individ og artar kan påverke kvarandre og korleis desse interaksjonane i sin tur påverkar struktur og dynamikk i eit samfunn
  • gjere greie for korleis mennesket påverkar marine samfunn og habitat, f.eks. gjennom hausting, ulike former for arealbruk, ureining, og global oppvarming.

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • diskutere og problematisere fagfeltet, både skriftleg og munnleg
  • formulere relevante forskingsspørsmål innan fagfeltet
  • finne svar på forskingsspørsmål gjennom å søke opp og lese vitskapleg litteratur

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • skrive prosjektoppgåve som samanfattar og diskuterer funn frå eit litteraturstudium
  • reflektere rundt kunnskap og forsking og korleis eit fagfelt utviklar seg

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor (vidarekomne) og master.

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Obligatoriske emne i bachelorgrad i biologi, eller tilsvarande emne.
Tilrådde forkunnskapar
BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar (10 sp)
Studiepoengsreduksjon
Det er 10 sp overlapp med MAR212 Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat (nedlagt emne).
Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava.

Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, seminar og kollokvier.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
  • Skriftleg prosjektrapport, utgjer 40% av total karakter.
  • Munnleg eksamen, utgjer 60% av total karakter.
  • For å bestå emnet må ein bestå kvar vurderingsdel. Stryk/F på ein av vurderingsdelane fører automatisk til at ein ikkje består emnet.

    Karakterskala
    Karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og F er stryk/ikkje bestått.
    Vurderingssemester
    Det er munnleg eksamen kvart semester. I semester utan undervising blir eksamen arrangert tidleg i semesteret, og karakteren for den skriftlege rapporten (40%) frå det foregåande semesteret blir inkludert i den endelege karakteren.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, for kvaliteten på emnet.
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitenskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.