Generell mikrobiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir en innføring i hovedgruppene av prokaryote mikroorganismer (bakterier og arkeer) og virus; deres systematikk, fysiologi og genetikk / molekylærbiologi. Energimetabolisme, regulering, genoverføring og mikrobiell diversitet / evolusjon er sentrale tema. Mikroorganismenes rolle i biogeokjemiske syklusar, bioteknologi og medisin blir også belyst.

Laboratoriekurset gjev ei innføring i grunnleggjande mikrobiologiske teknikkar og arbeidsmetodar som å anrike, dyrke, mikroskopere, isolere, karakterisere og identifisere mikroorganismar, samt genetisk analyse.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • oversikt over viktige hovedgrupper av bakterier og arkeer, og kjenner til deres spesielle biololgiske egenskaper, tilpasninger og habitater, samt evolusjonsmessige aspekter
  • oversikt over mikroorganismenes næringskrav, metabolisme og vekst
  • oversikt over mangfoldet av virus og deira eigenskapar og replikasjon

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke sterilteknikk og handtere ulike mikroorganismer på en sikker måte i laboratoriet
  • dyrke og isolere mikroorganismar
  • kunne identifisere mikroorganismer ved bruk av fysiologiske og genetiske metodar
  • kan behandle data frå mikrobiologiske eksperiment, og gjere naudsynte berekningar
  • kan presentere mikrobielle undersøkjingar/eksperiment skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten kan

  • anvende et presist fagspråk til å beskrive og diskutere tema knytt til mikrobiologi
  • demonstrere evne til å fungere individuelt og i samarbeid med andre under gjennomføring av laboratorieoppgaver

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Vidarekomne bachelorstudentar og masterstudentar

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskapar
  • For biologistudentar: grunnleggjande emne i biologi (BIO100, BIO101, BIO102, BIO103, BIO104), molekylærbiologi (MOL100) og kjemi (KJEM100 / KJEM110).
  • For molekylærbiologistudentar: MOL200 Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering.
  • Ta kontakt med studieseksjonen (studie.bio@uib.no) dersom du får problem med å melde deg til emnet, men meiner du har forkunnskapskravet.

    Studiepoengsreduksjon
    5 SP overlapp med BIO215 og 5 SP overlapp med BIO218 (gamle emne). Ta kontakt med studierettleiar dersom du har teke BIO215 og/eller BIO218.
    Krav til studierett
    For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi og at du oppfyller forkunnskapskrava.
    Arbeids- og undervisningsformer

    Undervisninga gis i form av førelesningar og laboratorieøvingar.

    Førelesningar: 4 timar pr. veke i 8 veker (totalt 32 timar)

    Laboratorieøvingar: 4 timar, 3 dagar i veka i 3 veker (totalt 36 timar).

    Obligatorisk undervisningsaktivitet
    Obligatorisk oppmøte på laboratorieøvingar. Godkjent skriftleg laboratoriejournal. Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 4 påfølgjande semester.
    Vurderingsformer

    Mappevurdering

    • Semesteroppgave 'My'Crobe (skriftlig rapport eller muntlig presentasjon), utgjer 1/3 av total karakter.
    • Labrapport, utgjer 1/3 av total karakter.
    • Skriftleg digital eksamen (2 timar), utgjer 1/3 av total karakter
    Karakterskala
    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
    Vurderingssemester
    Det er skriftleg digital eksamen i både vår- og haustsemesteret. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil være klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Studentevalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.