Toksikologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Det teoretiske grunnlaget for toksikologi vil bli gjennomgått og det vil bli lagt vekt på forskjellige mekanismar for biologiske system sine reaksjonar på toksiske forbindingar. Kurset tek opp emne som toksikologien si historie, absorpsjon, distribusjon og utskiljing av framandstoff, biotransformasjon, kreftframkallande stoff, organtoksikologi, nevrotoksikologi, næringsmiddeltoksikologi, industriell toksikologi, økotoksikologi, toksisitetstesting og risikovurdering. Deler av undervisinga vil baserast på publiserte artiklar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- definere og forklare sentrale begreper i toksikologien

- beskrive viktige prosesser som påvirker giftighet av fremmedstoffer i en

organisme

- gjøre rede for grunnleggende problemstillinger fra ulike deler av

toksikologifaget

- drøfte utvalgte fagartikler og presentere toksikologisk kunnskap gjennom

muntlig fremføring

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskapar
Obligatoriske emne i bachelorgrad i biologi, eller tilsvarande emne.
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Førelesingar, øvingar og prosjektoppgåver. Emnet inkluderer ei midtsemesterprøve som utgjer 3 sp av den totale arbeidsmengda.
Vurderingsformer
Digital Skriftleg eksamen (4 timar). Ingen hjelpemiddel.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.