Marin bentisk fauna

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane kjennskap til bentiske norske evertebratar i kyst, og fjordområde ved gjennomgang av morfologiske nøklekarakterar, levevis og leveområde. Studentane får opplæring i bruk av bestemmingslitteratur og biosystematisk metodikk.

Emnet omfattar 4-6 dobbeltforelesingar (i forkant av feltkurset) og totalt to veker feltarbeid på Espeland marinbiologiske stasjon. Feltarbeidet både bygger på, og inneheld forelesingar om dei aktuelle dyregruppene, og består av innsmalings- og identifiseringsarbeid.

Læringsutbyte

Studentane skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap

  • kunne beskrive og navngje vanlege norske evertebratar som er gjennomgått på emnet og vite kva for leveområde artane høyrer til

Ferdigheiter

  • ha grunnlag for artskunnskap for vidare studiear i akvatiske fag og for framtidig yrke innan forskning, undervising og/eller naturforvaltning

Generell kompetanse

  • Kunne drive med feltarbeid med innsamling og identifisering av marin bentisk fauna.

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veke 3.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøte, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter.

Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøte må du kontakte studieseksjonen (studie.bio@uib.no). Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøte finn du i timeplanen under "ressurser" øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen og Espeland Marinbiologiske stasjon
Krav til forkunnskapar
BIO101 Organismebiologi 1 og BIO102 Organismebio,ogi 2, eller tilsvarende emne
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskap om grunnleggende biologisk systematikk og fylogeni er ein fordel men ikkje eit krav.
Studiepoengsreduksjon
Det er 5 studiepoeng overlapp med BIO325 Havforsking t.o.m haust 2023
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til eit bachelor- eller masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava. Studentar på masterprogram i biologi, spesialisering marinbiologi, vil bli prioriterte.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og arbeidsformer legg til rette for studentaktiv læring og omfattar forelesingar i forkant av eit to-vekers feltkurs på Espeland marinbiologiske stasjon. Feltkurset både byggjer på, og inneheld forelesingar om dei aktuelle dyregruppene, og felt- og laboratoriebasert identifikasjonsarrbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppmøte på forelesingarDeltaking i felt- og laboratoriearbeid
Vurderingsformer
Praktisk ksamen (artsidentifisering)
Karakterskala
Karakterskala A-f, der A er den beste karakteren og F er stryk/ikkje bestått
Vurderingssemester
Praktisk eksamen blir kun gjennomførst i semester med undervisning, vår.
Hjelpemiddel til eksamen
Relevant bestemmingslitteratur