Fagdidaktikk i psykologi - første semester
Årsstudium
- Studiepoeng
- 7.5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- DIDAPSYK1
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Første semester av fagdidaktikk i psykologi (7,5 studiepoeng DIDAPSYK1) er ein introduksjon til undervisning av programfaget psykologi i vidaregåande skole (VGS).
Programfaget i psykologi for VGS gir elevane ei innføring i sentrale psykologiske emne. Det gir ei orientering om viktige psykologiske forskings- og bruksområde, og trekk ved den moderne psykologiens historie. Faget gir grunnleggjande kunnskap om kva som hemmar og fremmer psykisk helse. Det er eit allmenndannande fag som gir grunnlag for å bruke kunnskap om psykologi til å utvikle seg sjølv.
Fagdidaktikk i psykologi tar for seg kva psykologifaget i VGS består av, korleis læraren kan lage gode undervisningsopplegg i dette faget, og grunngjeving for val av undervisningsaktivitetar i psykologifaget. Studiet tar for seg psykologifaget som danningsarena, ulike læreprosessar og tilrettelegging av psykologiundervisinga.
Fagdidaktikk psykologi har som mål å utvikle kompetanse i og refleksjon rundt psykologi som undervisningsfag. Studentane får kunnskap i å tenke kritisk gjennom faget si forankring i læreplanen, fagets danningspotensiale, ulike læremiddel og korleis ein kan legge til rette for læringa til elevane i psykologifaget.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- Har gode kunnskapar om læreplanverket i skolen og evner til å analysere og vurdere den generelle og dei fagspesifikke delane i samanheng
- Har god kunnskap om psykologifagets danningspotensiale
- Har god kunnskap om psykologididaktiske omgrep og modellar
Ferdigheiter
Studenten
- Kan anvende sin faglege kunnskap til å omsette læreplanverkets målsettingar for den generelle og dei fagspesifikke delane til praksis slik at måla kan bli innfridd
- Kan velje og vurdere lærestoff, læremiddel, arbeidsmåtar og oppgåveformar i samsvar med elevane sitt nivå og føresetnadar
- Kan anvende fagleg og fagdidaktisk kunnskap på praktiske problemstillingar og treffe grunngjevne val
Generell kompetanse
Studenten
- Kan opptre profesjonelt og reflektere over og analysere faglege og profesjonsetiske problemstillingar innan psykologifaget
- Kan bygge relasjonar til elevar og medstudentar, og utvikle psykologifaget i samarbeid med andre
- Kan drøfte korleis psykologisk kunnskap kan hjelpe til økt forståing av samfunnsmessige og mellommenneskelege samanhengar
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Delta på undervisning (minimum 80% oppmøte).
Skrive to korte refleksjonsnotat om erfaring frå eigen praksis med psykologiundervisning. Studenten legg fram refleksjonsnotatet i undervisninga, og dette dannar utgangspunkt for diskusjon.
Forberede to undervisningsopplegg som vil bli lagt fram i undervisninga.
Gi munnleg tilbakemelding på undervisningsopplegget til to medstudentar.