Algoritmar og programmering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane ei praktisk innføring i programmering ved hjelp av programmeringsspråket Python.

Innhald:

Emnet dekker enkle prinsipp innan programmering og algoritmer.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Studenten

  • Kjenner grunnleggande tankegang i programmering

Ferdigheiter

Studenten kan

  • køyre enkle program
  • forskjellige måtar å lagre data
  • enkel behandling av datasett

Studiepoeng, omfang

2,5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsstad

Fysisk undervisning ved UiB-campus
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

Overlapper 2,5 studiepoeng mot følgende emner

INF100

INFO132

DATA110

INF109

MIX101

INF620

INF630

LING123

Krav til studierett
For opptak på emnet er det krav om studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Fysisk undervisning ved UiB- Campus.

3 timar varigheit per førelesning. Ein (1) førelesing i veka i 4 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • 2 timars digital skriftleg skuleeksamen tatt heimefrå.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.