Medisinsk pedagogisk praksis
Masteremne
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ELMED218B
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet bygger på Innføring i medisinsk pedagogikk (ELMED218A Innføring i medisinsk pedagogikk), og forutsetter at deltakere har bestått dette. Emnet har som mål å gi studentane trening i å planlegge, gjennomføre og evaluere eigne pedagogiske oppgåver retta mot helsefagleg utdanning. Dei praktiske oppgåvene kan vere undervisnings- og rettleieroppgåver eller anna form for pedagogisk tilrettelegging.
Det er krav om at ein har ein viss eigen undervisningserfaring ein kan bygge oppgåva på. Studentar som har vore undervisar, rettleiar, hatt mentoroppgåve eller liknande i regi av det medisinske fakultetet (evt. studentorganisasjon) i minst 20 timar kan nytte dette som bakgrunn for arbeidet med oppgåva.
Om de er usikre på om undervisningserfaringa de har kan telja ta kontakt med emneansvarleg: knut.eliassen@uib.no
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskapar om korleis ein planlegger og legg til rette for læring hos ulike målgrupper
- kan greia ut om korleis ein pedagogisk intervensjon bidrar til læring og til andre moglege konsekvensar av intervensjonen
- har kjennskap til ulike rammer som er med å påvirke opplæring
Ferdigheiter
Studenten:
- kan planlegge og gjennomføre ei avgrensa pedagogisk oppgåve med målgruppas læring for øye
- kan opptre i ulike pedagogiske roller som undervisar, rettleier, vurderar eller liknande
- kan gjere kloke val og ta i bruk varierte virkemedel i rettleiing og undervisning
Generell kompetanse
Studenten:
- kjenner til styrker og svakheter ved eigen undervisningsrolle
- kan samarbeide om å løyse pedagogiske oppgåver i lag med andre
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Emnet strekker seg gjennom heile semesteret
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Må ha gjennomført ELMED218A Innføring i medisinsk pedagogikk.
For å ta emnet må du ha vore undervisar, rettleiar, hatt mentoroppgåve eller liknande i regi av det medisinske fakultetet (eller studentorganisasjon) i minst 20 timar
Fagleg overlapp
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Medisinstudiet
Master i klinisk ernæring
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
I emnet gis studentane praktisk erfaring i rolla som undervisar eller pedagog. Emnet er bygd opp som ei vidareføring av emnet ELMED218A ¿ Teoretisk innføring i medisinsk pedagogikk. I praksisemnet vil studentane, så lang rå er, jobbe saman i mindre grupper for å løyse realistisk pedagogiske oppgåver.
Undervisningsoppdraga kan variere fra år til år, men oppgåvane vil være avgrensa som til dømes å lage og gjennomføre ei studentdreven trenings-OSCE for medstudenter, utvikling av digitale undervisingsressursar, lærerassistent, eller underviser i ulike samanheng.
Alle praksisgrupper vil bli tildelt ein rettleier.
Praksisprosjektene vil kunne strekke seg i tid over store deler av vårsemesteret og studentane må regne med å sette av tid til dette i tillegg til ordinær studieprogresjon.
Tal på deltakarar (studentar)
Minimum: 8
Maksimum: 25
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Innlevering av refleksjonsoppgave med praksisrapport 2500-3000 ord.
Kvar student skal gi og få tilbakemelding på oppgåva frå to medstudentar. Det blir også gitt tilbakemelding på tilbakemeldinga.
Presentasjon av arbeidet i obligatorisk avslutningsseminar.