Vitskapleg skriving og formidling

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Hovudmålet med kurset er å gje studentane ei grunnleggande innføring i reglar, retningsliner og praksis for vitskapleg skriving.

Innhald

Studentane løyser oppgåver og øver på lesing, skriving og fagfellevurdering av vitskaplege tekstar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • Har inngåande kjennskap til omgrep og termar nytta i vitskapleg skriving.
  • Kan forklara struktur og oppbygging av vitskaplege tekstar.
  • Kjenner til retningslinjer og prinsipp for grammatikk og stil i vitskaplege tekstar på engelsk, grafisk framstilling av kvantitativ informasjon, forskingsetikk og open publisering

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan skriva og vurdera vitskaplege tekstar på engelsk.
  • Kan bruka verktøy for tekstredigering og grafisk presentasjon av data.
  • Kan forbereda munnlege presentasjonar og plakatar for vitskaplege konferansar.

Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan formidle vitskapleg arbeid skriftleg og munnleg.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

STAT110

EX.PHIL

Studiepoengsreduksjon

KJEM290: 5 Sp

KJEM291: 10 sp

PHYS117: 10 sp

Emne som omhandlar vitskapleg eller teknisk skriving og formidling frå andre institutt, fakultet eller institusjonar kan og medføra reduksjon av studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett ved eit av følgjande studieprogram knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet:

  • MAMN-PRO: Energi- og prosessteknologi, master, 2 år
  • 5MAMN-ENER: Energi (sivilingeniør), master, 5 år
  • Stipendiatar som er tatt opp ved ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Arbeids- og undervisningsformer
Fire (4) timar undervisning (førelesingar) og gruppearbeid kvar veke i 10-12 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å delta på minst 75% av sesjonane. Dette inkluderer innlevering av obligatoriske individuelle oppvarmingstestar (iRAT) og gruppevise oppvarmingstestar (tRAT) for mappeevaluering, samt aktiv deltaking i gruppearbeidet for dei respektive sesjonane.

Obligatoriske skriftlege oppgåver og obligatorisk fagfellevurdering av arbeidet til andre studentar.

Vurderingsformer
Mappeevaluering.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått.
Vurderingssemester
Det er berre vurdering i semester med ordinær undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil være klar innen 1. desember for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane evaluerer undervisninga i tråd med kvalitetssikringssystemet ved UiB og instituttet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.
Administrativt ansvarleg
Institutt for fysikk og teknologi.