Vitskapleg skriving og formidling

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Hovudmålet med kurset er å gje studentane ei grunnleggande innføring i reglar, retningsliner og praksis for vitskapleg skriving.

 

Innhald

Studentane løyser oppgåver og øver på lesing, skriving og fagfellevurdering av vitskaplege tekstar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar 

Studenten:

  • har inngåande kjennskap til omgrep og termar knytta i vitskapeleg skriving
  • kan forklara struktur og oppbygging av vitskaplege tekstar
  • kjenner til retningslinjer og prinsipp for grammatikk og stil i vitskaplege tekstar på engelsk, grafisk framstilling av kvantitativ informasjon, forskingsetikk og open publisering.

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan skriva og vurder vitskaplege tekstar på engelsk
  • kan bruka verktøy for tekstredigering og grafisk presentasjon av data
  • kan forbereda munnlege presentasjonar og plakatar for vitskaplege koferansar.

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan formidle vitskapleg arbeid skriftleg og munnleg

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

STAT110

EX.PHIL

Studiepoengsreduksjon

KJEM290: 5 Studiepoeng

KJEM291:10 studiepoeng

PHYS117: 10 studiepoeng

Emne som omhandlar vitskapleg eller teknisk skriving og formidling frå andre institutt, fakultet eller institusjonar kan og medføra reduksjon av studiepoeng.

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett ved eit av følgjande studieprogram knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet:
  • MAMN-PRO: Energi- og prosessteknologi, master, 2 år
  • 5MAMN-ENER: Energi (sivilingeniør), master, 5 år
  • Stipendiatar som er tatt opp ved ph.d.programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Tre (3) timars sesjonar med grupparbeid kvar veke i 14-16 veker, skriftlege oppgåver.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta på minst 75 % av sesjonane. Dette inkluderer innlevering av obligatoriske individuelle oppvarmingstestar (iRAT) og gruppevise oppvarmingstestar (tRAT) for mappeevaluering samt aktiv deltaking i gruppearbeidet for dei respektive sesjonane. Obligatorisk skriftlege oppgåver og obligatorisk fagfellevurdering av arbeidet til andre studentar.
Vurderingsformer
Mappeevaluering
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Evaluering i undervisningssemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil være klar innan 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane evaluerer undervisninga i tråd med kvalitetssikringssystemet ved UiB og instituttet.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten av studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på MittUiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.
Administrativt ansvarleg
Institutt for fysikk og teknologi