Molekylær cellebiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FARM260
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Studenten skal tileigne seg kunnskap om bygnad og funksjon av eukaryote celler og deira kjemiske komponentar. Studentane skal også opparbeide innsikt i elementær cellefysiologi og korleis celler er oppbygd i ulike vev.
Læringsutbyte
Kunnskap
Kandidaten:
- har brei kunnskap om korleis cella er oppbygd og dei kjemiske komponentane i cella
- har brei kunnskap om funksjonen til cellekjerna og korleis DNA vert replikert og transkribert, og korleis gen vert regulert
- har brei kunnskap om korleis cellas membransystem er bygd opp og deira funksjon
- har generell kunnskap om funksjonen til mitokondria og til dei andre organellene
- har generell kunnskap om cytoskjelettet
- har brei kunnskap om korleis celledelinga er regulert.
- har grunnleggjande kunnskap om genetikk og arv
- har generell kunnskap innanfor histologi
- har generell kunnskap om cellefysiologi med fokus på plasmamembranen
- kjenner fordelinga av vatn i kroppen
- forstår omgrepa løysemiddel, vatnløysing, kolloid, suspensjon
- har god kunnskap om samansettinga av blodplasma: protein, ion
- har god kunnskap om membrantransport, diffusion, osmose, osmotisk trykk, tonisitet
- har kunnskap om strukturen til aquaporinas struktur og funksjonen deira
- har brei kunnskap om cellevolumregulering
- har brei kunnskap om ionekanalar og deira struktur og funksjon
- har kunnskap om kva som vert meint med membranpotensial
- har brei kunnskap om korleis extracellulær matrix er oppbygd
- har god kunnskap om biosyntesen av nitrogenmonooksid (NO)
- kjenner funksjonsmekanismar relatert til nitroglyserin og sildenafil (Viagra)
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan nytte fagleg kunnskap til å vurdere biokjemisk og cellebiologisk metodikk
- kan kjenne att ulike typar celleorganisering i vev
- kan finne, vurdere og vise til fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ei relevant problemstilling
- kan handtere og bruke lysmikroskopi for histologiske analysar
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan formidle sentralt fagstoff innan cellulær bygnad, cellulære funksjonar og reguleringsmekanismar
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor faget
- kjenner til forskingsprosessar innan cellebiologi
Undervisningssemester
Vår
Krav til studierett
Integrert masterprogram i farmasi og Bachelorprogram i ernæring.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, spørjetime og histologikurs (rundt 60 timar totalt). I tillegg kjem organiserte og delvis leia kollokvium. Emnet går over 7-8 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på histologikurset er obligatorisk. Journalane må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen. Studentane vert oppmoda til å delta på førelesingar og kollokvium.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen.
Karakterskala
A-F
Emneevaluering
Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverktøy.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.