Atmosfære- og havfysikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gjennomgå grunnleggjande eigenskapar i meteorologi og fysisk oseanografi på ein kvantitativ måte. Vekselverknaden mellom hav og atmosfære er ein sentral del av det fysiske klimasystemet. For havet gjennomgåast verknaden av vind i form av Ekmanlag og Ekmantransport, geostrofisk kraftbalanse, enkle blandingsprosessar og effekter av virvler, og global sirkulasjon. For atmosfæren vert det lagt vekt på grunnleggjande termodynamikk, skyfysikk og grunnprinsippa i stråling og deira vekselverknader. Som ein del av emnet deltar studentane på eit tokt med både oseanografisk og meteorologisk feltarbeid. Studentane utfører òg laboratorieeksperiment og lærer bruk av vanlege måleinstrument og tolking av operasjonelle vêrmålinger.

Sjå video fra kurset: https://player.vimeo.com/video/317848387

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal kunne:

  • bruke fagterminologi til å beskrive og vurdere sentrale prosessar i hav- og atmosfærefysikk
  • gjenkjenne utledning av fundamentale likningar som skildrar prosessar i hav- og atmosfærefysikk, slik som adiabatiske prosesser, hydrostatisk balanse og stråling
  • skildre dei grunnleggjande prinsippane innan atmosfærisk termodynamikk, stråling, mikrofysikk og dynamikk
  • forklare korleis atmosfæren og jordrotasjonen påverkar havsirkulasjonen og skissere enkle modellar for havsirkulasjon
  • skissere estuarin sirkulasjon og Ekmantransport
  • gjere greie for geostrofisk balanse og gi eksempler på system med geostrofisk strøm
  • gjengi måleprinsipp til ulike typar måleinstrument for atmosfæren og havet og kunne diskutere typiske typiske feilkilder for instrumenta
  • skildre samanhengen mellom ulike atmosfæriske prosessar i ulike værsystem
  • definere og greie ut om ulike fluksar av varme, ferskvatn, rørslemengd og masse i og mellom hav og atmosfære

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tolke atmosfæriske måledata frå verstasjoner, radiosonder, værradar og værsatellitt
  • bruke programvare for å analysere aktuelle og varslede versituasjonar
  • berekne tilstand, fluksar og prosessar i hav og atmosfære med bruk av relevante likningar og metoder
  • skissere utvikling av blandelag som vert påverka av ulike fluksar (temperatur, ferskvatn) eller vind
  • utføre enkle meteorologiske og oseanografiske observasjoner i felt og laboratoriet
  • bruke programmeringsverktøy for å lage figurer, samt analysere og diskutere måledata

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • skildre, analysere og rapportere observasjonar frå laboratorieeksperiment og tokt
  • planleggje og gjennomføre enkle felteksperiment under veiledning
  • framstille resultat frå gruppearbeid som skriftlig rapport og muntlig presentasjon

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 34.

Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
GEOF120 5 stp, GEOF130 5 stp.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar med fokus på aktiv læring, tokt, laboratorieeksperiment og rekneøvingar.

Studentane skriv prosjektrapport frå tokt og lager ein kort presentasjon.

Aktivitet: 4 timar førelesning og 2 timar laboratoriearbeid eller rekneøvingar pr. veke i 15 veker

Tokt: ein arbeidsdag.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk oppmøte på første læringsøkt og toktplanlegging
  • Kvarandrevurdering av 1 laboratorierapport
  • Deltaking på tokt, godkjent toktformidling i vafritt format
  • Obligatorisk arbeidskrav er gyldig i semesteret dei blir godkjent og i tre påfølgjande semester.

    Vurderingsformer

    Mappevurdering

    Mappa består av

    • Ein laboratorierapport i oseanografi teller 20 % av sluttkarakteren
    • Ein laboratorierapport i meteorologi som består av grupperapport og presentasjon. Teller 20 % av sluttkarakteren
    • Skriftleg skuleeksamen (4 timar) teller 60 % av sluttkarakteren
    • 12 quizar som til saman kan gi 7 prosentpoeng bonus på den skriftlege eksamen

    Laboratorierapportane er gyldige i semesteret dei er elvert, og i eitt påfølgjande semester. Poengsummar frå delvurderingane blir rekna saman for å bestemme sluttkarakteren i emnet.

    Karakterskala
    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
    Vurderingssemester
    Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar angitt i fakultetet sine reglar
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Emneansvarleg
    Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no.
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.