Praktisk meteorologi og oseanografi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ei praktisk innføring i måling av fysiske eigenskapar til atmosfæren og havet slik som vind, straum, temperatur, nedbør, tettleik og saltinnhald. Føremålet er å verte kjend med standard instrumentering som vert nytta, feilkjelder, handtering av data, kvalitetskontroll og tolking, og med pågåande utvikling av observasjonsmetodar og operasjonelle observasjonssystem. Studentane arbeider i små grupper som fokuserer på eit avgrensa sett av instrumentering eller data. Alle studentane arbeider med datainnsamling under ein felles observasjonsperiode. Data vert då henta frå instrumentering i felt, frå tokt eller frå eksisterande nettverk eller fjernmåling, avhengig av studentane sine faglege interesser. I eit avsluttande møte presenterer studentgruppene sitt arbeid for kvarandre og diskuterer samanhengen mellom prosessar i hav-atmosfæresystemet, og set målingane i ein større samanheng.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner måleprinsippa for standard atmosfærisk instrumentering for trykk, lufttemperatur, fuktigheit, vind og nedbør
  • kjenner måleprinsippa for standard oseanografisk instrumentering for temperatur, salinitet og havstraum
  • forstår kva det vil seie å velje representativ plassering av måleinstrument
  • kjenner dei viktigaste feilkjeldene og typisk nøyaktigheit for atmosfærisk og oseanografisk instrumentering
  • kjenner utviklingshistoria til observasjonssystemene og veit kva dei kan og ikkje kan

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere i kor stor grad målingar frå ein vêrstasjon er representative
  • kan arbeide med innsamling, prosessering og tolking av eigne måledata
  • kan vise måledata korrekt og informativt for vitskapleg tolking
  • kan samanstille data frå ymse sensorar og målestader
  • kan dokumentere prosedyrer og resultat i ein samla rapport

Generell kompetanse

Studenten

  • er istand til å utvikle hypotesar og målestrategiar for feltarbeid i meteorologi og oseanografi
  • kan arbeide sjølvstendig og i samarbeidande gruppe på ei eigendefinert problemstilling
  • kan presentere og diskutere eigne måleresultat opp mot prosessar i eit kopla hav-atmosfæresystem, både skriftleg og muntleg.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Vår, emnet går kun dersom nok studentar melder seg. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 3.

Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Legg merke til at GEOF232 og GEOF337 ikke kan takast parallelt.

Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
GEOF231: 5 sp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Innleiande forelesingar (4 timar per veke i 2 veker)
Planleggings- og gruppemøter (2 timar per veke)
Meteorologisk feltarbeid (oppsett, vedlikehald, demontering) og/eller tokt
Besøk til bedrifter og offentlege institusjonar involvert i operasjonelle observasjonar eller instrumentutvikling
Sjølvstendig gruppearbeid med et gruppemøte per veke
Avsluttande minikonferanse med individuelle presentasjonar.
Ferdigstilling av rapport for evaluering
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i forarbeid til feltarbeid/tokt
  • Deltaking på feltarbeid/tokt
  • Deltaking i gruppemøter
  • Presentasjon på minikonferanse
  • Bidrag til skriftleg rapport fra feltarbeid/tokt
  • Godkjend obligatorisk aktivitet er kun gyldig det semesteret den blir godkjent.

    Vurderingsformer
    Evaluering av skriftleg sluttrapport med tilhøyrande munnleg presentasjon.
    Karakterskala

    Bestått/Ikkje bestått

    Vurderingssemester
    Vår, berre i undervisningssemester
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Emneansvarleg
    Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.