Avansert dynamisk oseanografi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål
Kurset har som mål å presentere avanserte emne innan storskala og mesoskala havsirkulasjon med utgangspunkt i dei styrande likningane i geofysisk væske-dynamikk.

Innhald
Med utgangspunkt i dei kvasigeostrofiske likningane som matematisk plattform, vil kurset dekkje Rossbybølgjer, barotrop- og baroklin ustabilitet, storskala sirkulasjon med teoriar for vinddriven straum på midlare og høgare bredde som Sverdrup- og Stommel-teori, og sjiktingseffektar som oppstrauming og nedstrauming. Den tettleikdrivne storskala sirkulasjonen vert også dekka og diskutert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har god forståing av dei grunnleggjande prinsippa I storskala rørsle på ein roterende plane
  • forstår dei styrande likningane for ulike fenomen i geofysisk væskedynamikk
  • forstår kvasigeostrofisk dynamikk
  • forstår klassisk usabilitetsteori
  • forstår storskala vinddriven havsirkulasjon og klassiske teoriar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utleia dei kvasigeostrofiske likningane og diskutere barotrope og barokline løysingar for Rossbybølgjer.
  • kan utleia ulike løysingar for vinddriven havsirkulasjon, inkludert oppstrauming og nedstrauming
  • kan diskutera forenkla modellar for oppdriftsdriven havsirkulasjon
  • kan utleia og diskutere kvasigeostrofisk integralføringar for barotrop - og baroklin ustabilitet

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utleie dei kvasigeostrofiske likningane og diskutere barotrope og barokline løysingar for Rossbybølgjer.
  • kan utleia ulike løysingar for vinddriven havsirkulasjon, inkludert oppstrauming og nedsynking
  • kan diskutera forenkla modellar for oppdriftdriven havsirkulasjon
  • kan utleia og diskutera kvasigeostrofisk integralføringar for barotrop - og baroklin ustabilitet

Undervisningssemester

Vår. første gang vår 2025.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Krav til forkunnskapar
Bachelor i klima-, atmosfære- og havfysikk eller Bachelor i matematikk, fysikk, ev. meteorologi/oseanografi
Tilrådde forkunnskapar
GEOF110 og GEOF213, eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
GEOF330: 5 sp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/ph.d.-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav til emnet. www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesninga 2 timar pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Regelmessig oppmøte på rekneøvingar med presentasjon av eigne løysingar. Obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig inneverande og påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.