Innføring i geofag og berekraft: Jordas struktur og indre prosessar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i nokon av dei mest sentrale delane av geologifaget med fokus på Jorda si oppbygnad, samansetning og prosessar som verkar i Jorda sitt indre. Emnet er spesielt retta mot lærarar, og har fokus på geofagdidaktikk, som er relevant for undervisning i både geofag og geografi.

Innhald

Undervisninga er nettbasert og omfattar førehandsinnspelte førelesingsvideoar, refleksjonsbaserte oppgåver og student-drivne øvingar. Emnet gjev ein grunnleggjande introduksjon til Jorda sin interne struktur, klassifikasjon av bergartar og mineral, vulkansk og magmatisk aktivitet, jordskjelv, metamorfose og deformasjon av jordskorpa, samt platetektonikk. Videre tek undervisninga føre seg forvitring, erosjon, transport og avsetjing av sediment danning av sedimentære bergartar, samt ressursar som energi, mineral og malm i eit berekraftsperspektiv. Kurset inneheld tre digitale kveldsseminar med refleksjonsbaserte øvingar og gruppediskusjon, samt ei fysisk samling med årleg rotasjon mellom ulike byar i Noreg (felles med kursa GEOV602 og GEOV603). Ved behov vil denne bli tilrettelagt for hybrid deltaking.

Læringsutbyte

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Undervisningssemester

Hasust. Går første gang hausten 2024.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
5 studiepoeng overlapp med GEOL101/GEOV101
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førehandsinnspelte videoførelesningar og oppgåvevideoar, samt digitale kveldsseminar.
Vurderingsformer
Mappevurdering beståande av innlevert seminaroppgåve, fagfellevurdering av skriftleg oppgåve, refleksjonsnotat og quizar.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Litteraturliste
Lærebok «Earth: Portrait of a Planet» av Stephen Marshak (7. utgåve)
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet.