Rett og politikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset «Rett og politikk» gir studentane teoretisk og empirisk forståing av to sentrale felt innanfor statsvitskapen: Domstolane - den tredje statsmakt - og velferdsinstitusjonane, som begge pregast av samspel mellom rett og politikk.

Domstolane er grunnleggjande for at ein demokratisk rettsstat skal fungere. Dei skal løyse konfliktar og hjelpe i styringa av samfunnet. Dei skal kontrollere myndigheitene si maktbruk, sanksjonere misbruk, og verne innbyggjarane sine rettar. Kva skal til for at domstolane skal utføre desse oppgåvene på ein god måte? Er domstolane og dommarar uavhengige? Er dei beskytta mot uønskt påverknad frå private interesser og politiske aktørar, og misbruker dommarane sin makt? Dette er viktige spørsmål når domstolane no får stadig større betydning som arena for politiske kampar, både i Noreg og resten av verda. Klima, abortrettar, urfolksrettar og barnevern er bland dei omstridde politikkområda som stadig hamner i rettssalen. I statsvitskapen har dette ført til ein rekkje kontroversar: Er det udemokratisk å gi meir - eller mindre - makt til domstolane? Førar sterke domstolar til ein meir ansvarleg regjering og respekt for borgarane sine rettar? Eller bevegar vi oss mot eit "juristrokrati" der "politikarar i kappar" avgjer politiske spørsmål ut i frå sin eigen ideologi?

Velferdsinstitusjonane - frå helsevesenet og skulen til NAV og barnevernet - set i verk politikk, administrerer offentlege tenester, og handhevar lovar og reglar for å sikre innbyggjaranes rettar til utdanning, helse og velferd. Dei er avgjerande for korleis den politiske makta som er oppnådd gjennom val, faktisk utøvast og korleis ressursane i samfunnet vert fordelte. Korleis velferdsinstitusjonane fungerer har stor betydning både for borgarane sine liv og for tilliten deira til myndigheitene og til demokratiet. Kurset diskuterer korleis avgjerdsprosessane og kvaliteten på tenestene som vert tilbydd i velferdsstatar påverkar institusjonane sin legitimitet. Får borgarar same tilbod og same respekt for rettane sine, uavhengig av bustad, utdanning og sosial bakgrunn? Korleis held ein avgjerdstakarar, som ofte har mykje makt over enkeltindivid, til ansvar? Velferdsstaten sine profesjonar skal sikre gode tenester, skreddarsydde til den enkelte sitt behov. Dei har samstundes makt til å definere kva som er godt og rett for den enkelte - sjølv om ein er ueinig. Kva tid og korleis er det legitimt å avgrense folk sin fridom  i velferdsstaten? Domstolane er viktige avgjerdstakarar når velferdspolitikk settast i verk, og har eit særskild ansvar når det utøvast tvang ovanfor borgarane, eksempelvis i innanfor psykisk helse og barnevern. Domstolane avgjer kva som kan krevjast etter lova og kva som er rettferdig.

Overnasjonale domstolar, slik som Den europeiske menneskerettsdomstolen og EFTA-domstolen, har betydeleg innflytelse på korleis offentleg forvalting opererer. Noreg er dømd for brot på Menneskerettane i eit utal barnevernssaker dei siste åra, og både NAV og domstolane i Noreg har feiltolka EØS regelverket slik at fleire tusen borgarar har fått feilaktige krav om tilbakebetalingar og mange er blitt uriktig fengsla. I kurset diskuterast forholdet til overnasjonale domstolar, korleis kritikk handterast og kva dei betyr for legitimiteten til både velferdsinstitusjonane og domstolane.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere greie for ulike perspektiv i normativ og empirisk forsking om domstolar og velferdsinstitusjonar.
  • demonstrere kunnskap om sentrale omgrep i litteraturen om retten og domstolane si rolle i moderne samfunn.
  • demonstrere kunnskap om sentrale omgrep i litteraturen om velferdspolitikk, velferdsinstitusjonar og deira legitimitet.
  • gjere greie for korleis avgjerder fattast i møte med brukarar og borgarar, og kva som påverkar kvaliteten på avgjerdene.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • identifisere debattar i samtida som knyt seg til dei tema som diskuterast i kurset, og analysere og reflektere over dei i lys av omgrepa og teoriane i litteraturen.
  • identifisere og analysere korleis og kvifor domstolar og velferdsinstitusjonar fungerer forskjelleg mellom land og regionar og over tid, og kva konsekvensar dette har i samfunnet.
  • reflektere over korleis lovar, domstolane og velferdsinstitusjonane formar samfunnet og måten politikk utspiller seg på, og korleis dei sjølv blir forma av det samfunnet dei fungerer i.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • sjølvstendig analysere og vurdere kunnskap frå ulike kjelder.
  • planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver som deltakarar i gruppe.
  • vurdere om et arbeid er i samsvar med forskingsetiske krav og retningslinjer.
  • kritisk relatere omgrep og perspektiv om domstolar og velferdsinstitusjonar til nyesituasjonar, og delta i debattar med andre om konsekvensar, løysingar og anbefalingar.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Går første gang hausten 2025

Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
GOV100 / AORG100A / AORG100B
Studiepoengsreduksjon
GOV106 (10 sp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
12-18 førelesningar og  8-12 seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane innan fastsette tidsfristar gjennomføre følgjande aktivitetar:

  • obligatorisk arbeidskrav i form av ei gruppeoppgåve 2500 ord (+/- 10%) og
  • ei framføring i tilknytning til gruppeoppgåva

Arbeidet med oppgava vert organisert i seminargrupper.

Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Fire timar skriftleg skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.