Innføring i gresk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GRE100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Studentane skal vere i stand til å lese og skjøne enkle gammalgreske tekstar med god grammatisk og leksikalsk innsikt.
Innhald
Emnet gjev ei elementær innføring i gammalgresk språk gjennom grammatikkundervisning og lesing av normaliserte greske prosatekstar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten har grunnleggjande kjennskap til gammalgresk språk og grammatikk.
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- lese gammalgreske tekstar på eiga hand med bruk av grammatikk og ordbok
- analysere syntaktiske trekk i gammalgreske tekstar
- omsetje gammalgreske prosatekstar til eit moderne språk.
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over elementarboka) og øvingar i praktisk språkmeistring.
Om lag 48 timar, 3 gonger i veka første halvdel av semesteret.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane fåinformasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.