Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet omfattar lesing dels av prosatekst på jonisk dialekt frå den klassiske perioden (480-330 f. Kr., t. d. Herodot og Hippokrates), dels av tekstar frå etterklassisk tid (329 f.Kr. - ca. 400 e.Kr.). Kristne tekstar, frå Det nye testamente til kyrkjefedrane på 300-talet, kan inngå i studiet. Dessutan blir det gitt eit oversyn over historia til den greske litteraturen (med særleg vekt på dei forfattarane som blir lesne) og auka kjennskap til historie og kulturhistorie (særleg gjennom studium av kommentarar til dei tekstane som blir lesne).

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • større kjennskap til gresk grammatikk, språkhistorie og litteraturhistorie med vekt på den joniske dialekt og koine-gresk
  • tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.

Ferdigheter

Kandidaten kan

  • lese greske tekstar på jonisk dialekt og koiné på eiga hand med bruk av ordbok
  • identifisere former og analysere setningar på gresk ved hjelp av grammatikk
  • gjere greie for viktige greske forfattarar, politikarar, og hendingar innanfor gresk litteratur og kultur.

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
  • arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga blir gitt i andre halvdel av haustsemesteret (på heiltid)

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
GRE100 eller tilsvarande kompetanse
Tilrådde forkunnskapar
Ein tilrår at eksamen i GRE102 er avlagt før studenten går opp til eksamen i GRE105.
Studiepoengsreduksjon
GRE105 overlappar delvis med GRE251 og GRE201 (15 stp)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar over delar av pensum og øvingar i praktisk språkbruk gjennom munnleg omsetjing frå gresk til norsk.

Om lag 42 timar, tre gonger i veka siste halvdel i semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Skuleeksamen på 6 timar med ordbok.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. For studentar med rett til ny vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Pensum er et utval gresk prosatekst i kommenterte utgåver. Dessutan inngår framstellingar av gresk litteraturhistorie.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok. Ordboka skal vere frå gresk til morsmål eller frå gresk til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Berg, Græsk-dansk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium