Helsefremjande arbeid: Innføring i sentrale omgrep og teoriar
Masteremne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- HEFR331
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet HEFR 331 tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervisning og tiltak innan sentrale emne knytt til helsefremjande arbeid. I arbeidet blir det sett fokus på individuelle og strukturelle tilhøve som har relevans for helseåtferd, helseoppleving og livstilfredsheit. Det blir lagt vekt på å skolere studentane i grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, og kritisk analyse av teoriutviklinga på feltet. Studentane er venta å vise fagleg forståing for og innsikt i aktuelle kunnskapsområde gjennom å arbeide med relevante problemstillingar både individuelt og i grupper.
Innhald:
Emnet er sett saman av tre hovudtema; 1) helsefremjande arbeid, 2) helsepsykologi, 3) informasjonskompetanse .
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har fagleg forståing for og inngåande innsikt i helsefremjande arbeid, den historiske utviklinga og relevante omgrep
- har omfattande kunnskap om internasjonale føringar og utfordringar for folkehelse og det helsefremjande arbeidet
- har inngåande forståing for etiske utfordringar i helsefremjande arbeid
- har god forståelse for helseomgrepet (frå biomedisinske til holistiske, salutogent, patogent)
- har inngåande kunnskap om helsepsykologiens plass i det helsefremjande arbeidet
- har innsikt i ulike teoriar og modellar for å forstå helseåtferd og utvikling og endring av helseåtferd.
- har inngåande kunnskap om determinantar for helse, inkludert sosiale-, kulturelle-, samfunnsmessige-, sosioøkonomiske-, miljømessige og individuelle faktorar, og forståing av samanheng og samspel mellom desse
- har inngåande innsikt i ulike teoriar og perspektiv (teoritradisjonar) for å forstå utvikling og konsekvensar av sosial ulikskap i helse
- har omfattande innsikt i utviklingstrekka i norsk offentleg helsepolitikk
- kjenner førande politiske dokument for norsk offentleg folkehelsepolitikk
- har omfattande kunnskap om dei institusjonelle og organisasjonsmessige rammene for det helsefremjande arbeidet
- har inngåande kunnskap om relevansen av kommunen og lokalsamfunnet si rolle i det helsefremjande arbeidet
- har omfattande kunnskap om ulike informasjonskjelder som er relevante for helsefremjande arbeid
- har inngåande innsikt i ulike former for relevans informasjonsressursar kan ha for faglege problemstillingar
- kan presisere informasjonsbehov med utgangspunkt i faglege problemstillingar
- kan bruke bibliotekportalen og søkje i fagleg relevante databasar
- kan vurdere og rangere informasjon
- kan bruke og kommunisere informasjon på ein etisk måte
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere samspel mellom individuelle og strukturelle forhold i utvikling av helse
- kan analysere konsekvensar av sosial ulikskap for helsa til individet og befolkninga
- kan analysere relevansen av tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid for helsefremjande arbeid
- kan analysere konsekvensar av endringar i helsepolitikkkan bruke bibliotekportalen og søkje i fagleg relevante databasar
- kan vurdere og rangere informasjon og kommunisere informasjon på ein etisk måte
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere rundt teoriar og modellar i helsefremmende arbeid og helsepsykologi og kritisk grunngje vala i anvendelsen av disse
- kan søkje etter og vurdere litteratur og informasjon i tråd med etiske prinsipp
- kan samarbeide om å utdjupe sentrale problemstillingar innan helsefremjande arbeid, vurdere kunnskap og foreslå tilnærming for å løyse ei problemstilling
- kan kritisk analysere og diskutere konsekvensar av ulike verdisyn, dilemma og etiske spørsmål i tradisjonane innanfor helsefremjande arbeid
- kan formidle sentrale kjenneteikn ved og utfordringar innan det helsefremjande arbeidet og offentlig politikk inkludert sosial ulikskap i helse
- kan på ein god og strukturert måte formidle og kritisk vurdere sentrale teoriar og deres relevans for utvikling av tiltak innenfor helsefremjande arbeid
- kan sjå samanhengen mellom kjeldebruk og fagleg kvalitet i eige og andre sitt arbeid
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle obligatoriske aktivitetar må vere gjennomførte og godkjente før vurderingsmappa kan sensurerast.
Vurderingsformer
Følgjande arbeid inngår i vurderingsmappa:
- Oppgave på 1000 ord (+/- 10%) over ei problemstilling frå tema helsefremjande arbeid.
- Oppgave på 1000 ord (+/- 10%) over ei problemstilling frå tema enten helsepsykologi eller helsepolitikk.
- Tre annoteringer på 300 ord kvar frå tre artiklar som studenten vel sjølv.
Skrifttype: Calibri eller Arial, størrelse 11, linjeavstand 1,5. Det blir gjeve éin samla karakter på mappa.
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret
MERK: Tekst generert av ChatGPT og andre KI-tekst generatorar er ikkje tillat i innleverte skriftlege arbeid undervegs og i eksamenar.