Masteroppgåve i helsefremjande arbeid og helsepsykologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- HEFR395
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk/engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Hovudmålet med mastergradsoppgåva er å kvalifisere til vitskaplege arbeidsformer.
Mastergradsoppgåva skal skrivast som monografi. Studentane vert oppmoda om å omarbeide oppgåva til artikkel etter eksamen. Oppgåva skal fortrinnsvis vere ein empirisk studie. Det er imidlertid også rom for å skrive ei reint teoretisk oppgåve.
Oppgåva kan skrivast på engelsk. For språkbruksreglar vert det vist til APA-manualen.
Læringsutbyte
Generelt læringsutbytteEtter arbeidet med dette emnet skal studentane ha nådd følgjande generelle læringsutbytte:
KunnskapKandidaten:
- har omfattande kunnskap om eit spesifikt tema innan helsefremjande arbeid/helsepsykologi
FerdigheiterKandidaten:
- kan bruke sentrale forskningsprinsipp
- kan analysere problemstillingar og datatilfang på ein systematisk og kritisk måte
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan gi ei nyansert, klar og presis framstilling av eit temaområde.
Spesifikt læringsutbytte
Det vert vidare forventa at kandidaten har nådd følgjande spesifikke læringsutbytte:
KunnskapKandidaten:
- har ingåaende innsikt i temaet for mastergradsoppgåva og relevant teori og empiri som kan belyse problemstillingane i oppgåva
FerdigheiterKandidaten:
- kan velje forskingsdesign i tråd med problemstillingane
- kan velje og gjennomføre relevante analysetilnærmingar i tråd med type data og problemstillingar
Generell kompetanseKandidaten:
- kan gi ei skriftleg framstilling som belyser dei valde problemstillingane på ein akademisk god og reflektert måte
- kan arbeide sjølvstendig med eit omfattande forskingsarbeid
- har evne til å fremje sjølvstendige vurderingar og refleksjonar knytta til forskningstemaet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Sjølvstendig arbeid, og seminar haust og vår.
For å ha rett til individuell rettleiing av masteroppgåva og for å kvalifiserast til å kunne levere inn oppgåva må studenten levere ei godkjent prosjektskildring og signert rettleiingskontrakt i forkant av haustsemesteret jamfør spesifiserte innleveringsfristar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Innlevering av masteroppgåve på 70-90 sider. Framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg kommer i tillegg til dette. Oppgåva skal enten skrivast individuelt eller i par. Når to studentar skrivar samen aukast talet til 80-100 sider. Formkrav for oppgåva er spesifisert i rettleiingsheftet.
MERK: ChatGPT og andre KI-tekst generatorar er ikkje tillat i innleverte skriftlege arbeid undervegs og eksamenar.