Hermod: Kommunikasjon av forsking, kultur og forvaltning
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HERMOD620
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Hermod er dei norrøne gudane sin bodberar, og gud for språk og overtaling. Hermod: Kommunikasjon av forsking, kultur og forvaltning er eit deltidsstudium på 10 studiepoeng, basert på to samlingar à to dagar i semesteret, med forelesingar, gruppediskusjonar og rettleiing, dessutan individuell rettleiing på nett mellom samlingane.
Kurset Hermod: Kommunikasjon av forsking, kultur og forvaltning rettar seg mot kommunikasjonsarbeidarar innanfor kultur, forsking og forvaltning. Ved å ta utgangspunkt i konkrete og aktuelle kommunikasjonsoppgåver vil kursdeltakarane diskutere desse i lys av kommunikasjonsfaglege og retoriske problemstillingar. Ei sentral målsetting med kurset er å skape dialog mellom aktørar innan kultur, forsking og forvaltning for å lære av kvarandre. Gjennom kurset vil me gjere undersøkingar i retoriske repertoar, profilbygging og korleis ein får gjennomslagskraft på digitale og tradisjonelle arenaer.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten
- Har innblikk i korleis einskilde institusjonar og organisasjonar må ta omsyn til både moglegheiter og utfordringar i sitt retoriske virke.
- Har innsikt i ulike utfordringar i kommunikasjonsyrket, og kjenner til ulike måtar å handsame disse utfordringane.
- Har innblikk i korleis ein kan nytte sosiale medium i strategisk planlegging.
Ferdigheiter:
Kandidaten
- Har ferdigheiter om korleis ein kan skreddarsy profil og heilskap på digitale og tradisjonelle arenaer.
- Kan reflektere omkring og knytte band til ulike målgrupper.
- Kan samarbeide med andre kandidatar på tvers av disiplinar og bransjar.
- Har eit utvida repertoar av praktiske tilhøve i kommunikasjonsfaget.
Generell kompetanse:
Kandidaten
- Har styrka sin generelle kompetanse innan planlegging, kommunikasjon og retorikk.
- Har innblikk i ulike deler av kommunikasjonsyrket, på tvers av fagretningar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Innlevering av rettleidd prosjektoppgåve på om lag 3000-4000 ord. Oppgåva vert utarbeidd med rettleiing. Oppgåva kan gjerne ta utgangspunkt i eigen institusjon/organisasjon.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret skal skrivast på norsk.