Utvalde emne innan havteknologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gje avansert kunnskap om utvalde teknologiar og målemetodar i relativt nyleg gjennomført forsking og teknologiutvikling innan havteknologi.

Innhald

Emnet består av et utval modular blant anna innan føljande tema;

  • Utvalde tema i måleteknologi
  • Utvalde tema i marin akustikk
  • Utvalde tema i marin optikk
  • Utvalde tema i hydrodynamikk

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • er i kunnskapsfronten i utvalde tema innan havteknologi
  • kan vurdere hensiktsmessigheten ved bruk av ulike teknologiar og målemetodar i havteknologi
  • kan forklare relevante teoriar og prinsipp i utvalde tema

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forklare fysikkgrunnlaget i dei aktuelle teknologiane og måleprinsippa i havteknologi, samt greie ut om fordelar og avgrensingar i desse i ulike bruksområder
  • kan anvende teoriar og prosedyrar for utvalde tema (eksempel: berekning av sysiske variablar ved ulike forhold, anvende programvare for analyse av data, tolke diagram av fysiske størrelsar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan identifisere nye teknologiske løysingar og måleprinsipp for nylege problemstillingar i havteknologi
  • kan kritisk lese og presentere forskningsartikkel

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Emne tilsvarandePHYS225 / HTEK201 Måleteknologi, PHYS271 Akustikk og PHYS264 Atmosfærisk og marin optikk
Studiepoengsreduksjon
PHYS328 (10 SP)
Krav til studierett

Før oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ph.d.-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningen gis i form av førelesningar og munnlege studentpresentasjonar av utvalde forskingsartiklar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg eksamen (45 minutt) som utgjer 100% av endeleg karakter
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.