Innføring i programmering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gi studentane ei grundig og praktisk innføring i programmering ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk.

Innhald:
Emnet dekker sentrale omgrep som bl.a. variablar, uttrykk, kontrollflyt, tabellar, og filhandtering. Øvingsopplegget inneheld innleveringsoppgåver, som er ein viktig del av emnet. I fleire av oppgåvene skal konkrete og reelle problem frå ulike naturfag løysast.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar
Studenten

  • kjenner prinsippa for algoritmisk tenking og programmering
  • forstå korleis programmering kan nyttast for å løyse problem motivert frå studentens eigen fagspesialisering.

Ferdigheiter
Studenten kan

  • implementere enkle dataprogram
  • gjere bruk av tilgjengelege programbibliotek
  • utvide og tilpasse kode som er skriven av andre programmerarar
  • handsame strukturerte datamengder v.h.a. ein datamaskin

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

I110: 10stp
INFO132: 10stp
MIX101: 10stp
INF109: 10stp
DIGI111: 2,5 SP

DATA110: 10stp

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og gruppearbeid.

Førelesing: 2 timar pr. veke
Gruppearbeid 4 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet vil ha obligatoriske oppgåver. Oppgåvene er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering. Mappa betår av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (4 timar). Både innleveringar og eksamen må vere bestått. Vektinga vert kunngjort på mittuib ved semesterstart.

Karakterskala
Karakterskalaen A-F blir nytta. Karakteren A er beste ståkarakter, karakteren F betyr ikkje bestått.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Bøker frå litteraturlista og opp til 6 tosidige A4 ark med eigne notat.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.