Innføring i programmering
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- INF100
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane ei grundig og praktisk innføring i programmering ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk.
Innhald:
Emnet dekker sentrale omgrep som bl.a. variablar, uttrykk, kontrollflyt, tabellar, og filhandtering. Øvingsopplegget inneheld innleveringsoppgåver, som er ein viktig del av emnet. I fleire av oppgåvene skal konkrete og reelle problem frå ulike naturfag løysast.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner prinsippa for algoritmisk tenking og programmering
- forstå korleis programmering kan nyttast for å løyse problem motivert frå studentens eigen fagspesialisering.
Ferdigheiter
Studenten kan
- implementere enkle dataprogram
- gjere bruk av tilgjengelege programbibliotek
- utvide og tilpasse kode som er skriven av andre programmerarar
- handsame strukturerte datamengder v.h.a. ein datamaskin
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesningar og gruppearbeid.
Førelesing: 2 timar pr. veke
Gruppearbeid 4 timar pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Skriftleg (digital) avsluttande eksamen (4 timar) der alle skrivne og trykte hjelpemiddel er lovlege.
For å bestå emnet må tilstrekkeleg mange innleveringsoppgåver og avsluttande eksamen vere godkjende.