Algoritmar, datastrukturar og programmering

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i grunnleggjande algoritmar, som sortering og kortaste sti. Sentralt står bruken av datastrukturar i dei studerte algoritmane, i tillegg til analyse av tids- og plassforbruket. Praktisk programmering er ein viktig del av emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • kjenner til sentrale algoritmar og datastrukturar for sortering
  • kjenner til sentrale algoritmar og datastrukturar for søking
  • kjenner til viktige graf algoritmar og deres datastrukturar
  • kjenner til matematikken bak analyse av algoritmar når det gjeld køyretid og minnebruk

Ferdigheiter
Studenten

  • kan programmere effektive algoritmar for sortering, søking og grafar
  • kan matematisk analysere oppførsel av algoritmar når det gjeld køyretid og minnebruk
  • kan empirisk analysere oppførsel av algoritmar når det gjeld køyretid og minnebruk
  • kan gjenkjenne og løyse nye problem med teknikkar lært i dette emnet, og utforme nye algoritmar for liknande problem
  • kan bruke generisk programmering til å programmere algoritmar

Generell kompetanse
Studenten

  • kan utveksle synspunkt om algoritmar og datastrukturar med andre
  • er bevisst på forskjell på effektivitet av programvare
  • kan anvende kunnskapar og ferdigheiter om algoritmar og datastrukturar på ulike anvendelsesdomene

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på INF101 og MNF130
Studiepoengsreduksjon
I120: 10 studiepoeng
INFO135: 10 studiepoeng
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
To dobbeltforelesingar og to timars gruppearbeid per veke. I tillegg ein dobbeltime med gjennomgang av oppgåver.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjente obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (3 timar). Både innleveringar og eksamen må vere bestått. Vektinga vert kunngjort på mittuib ved semesterstart.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle skrivne og trykte hjelpemiddel er tillate
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.