Innføring i systemutvikling
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- INF112
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studentane innsikt i systemkonstruksjonsmetodar og -arbeidsprosessar.
Innhald:
Emnet er praktisk retta og gir ei innføring i konstruksjon av programsystem. Sentralt i emnet er å løyse eit stort programvareprosjekt ved lagarbeid. Emnet omhandlar prosjektorganisering, modellar for livssyklus til programvare, systemvedlikehald samt lover og reglar for programvarearbeid. Det blir lagt vekt på objektorienterte metodar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan skildra standard programvareutviklingsprosessar,
- kan forklara viktige prinsipp for systemdesign,
- kjenner til dei viktigaste lover og avtaleverk for systemkonstruksjon (intellektuelle rettar, avtaleverk for arbeidsliv),
- kan teori for organisering av lagarbeid,
- kan forklare ein vanleg notasjon for analyse og design, og
- har kunnskap om fagområdet si historie, tradisjonar og plass i samfunnet.
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke etablerte teknikkar for å samle inn og analysere brukarkrav og behov,
- kan nytte fagleg kunnskap på praktiske problemstillingar og grunngje val,
- kan reflektere over eige fagleg skjønn og justere denne under rettleiing
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det klargjer ein problemstilling, og beherskar eit integrert utviklingsverkty (IDE) og eit versjonskontrollsystem.
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar,
- kan planleggje og gjennomføre programvareprosjekt i team,
- kan planleggje og gjennomføre programvareprosjekt i tråd med etiske krav og retningslinjer,
- kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innafor fagområdet og gjennom dette bidra til god praksis.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Mappevurdering. Prosjektarbeidet er gyldig i to semester: semesteret det blir godkjent og eit påfølgjande semester. I tillegg skriftleg skuleeksamen på 3 timar.
Både prosjektarbeidet og skuleeksamen må være bestått. Forelesar vil ved semesterstart spesifisere korleis prosjektarbeid og skriftleg eksamen vert vekta.