Innføring i operativsystem

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
Emnet gir ei innføring i operativsystem. Det sentrale fokuset er korleis eit operativsystem, på ei effektiv eller rettferdig måte, gir eit abstrakt grensesnitt til maskinvareressursane for program. Emnet består av teoretiske aspekter ved operativsystemer og praktisk erfaring i bruk av Linuxsystem, C-programmering og skallskript.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal:

  • kjenne grunnleggjande komponentar i eit operativsystem
  • forstå korleis eit operativsystem virtualiserer CPU og minne
  • diskutere ulike skedulerings- og sidevekslingsalgoritmer
  • lære grunnleggjande multiprogrammering i C og assemblerkoder
  • forklare korleis eit enkelt filsystem organiserer data på harddisken
  • forstå korleis filsystemet i Linux-baserte operativsystemer er bygd opp
  • bli kjent med korleis eit operativsystem beskyttar datasystemet

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å:

  • manipulere Linux-terminalen
  • implementere enkle C-programmer
  • forstå enkle assemblerkodar
  • automatisere oppgåver ved hjelp av skallskript

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan forklare korleis eit operativsystem virtualiserer CPU og minne
  • kan diskutere kva eit filsystem er og er i stand til å bruke det
  • har grunnleggjande kompetanse i bruk av Linuxsystem, C-programmering og skallskript

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
DAT103 (HVL): 10 stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Fire timer førelesning i veka.

Ein arbeidsgruppe i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester: det semesteret dei er godkjente og det påfølgande semesteret.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og skriftleg skuleeksamen (3 timar). Både innleverngar og eksamen må vere bestått. Vektinga blir kunngjort på mittuib ved semesterstart.

Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.