Datanett

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ei innføring i og eit oversyn over dei viktigaste omgrepa i datanett. Emnet tek for seg problem som er aktuelle på ymse nivå i ein lagdelt kommunikasjonsmodell, og korleis desse problema kan løysast. Spesielt legg ein vekt på korleis ein brukar kan laga applikasjonar på grunnlag av transportlaget sine tenester.

Læringsutbyte

Etter fullført INF142 - Datanett skal studenten kunne

  • Gjera greie for ein lagdelt kommunikasjonsmodell og kva oppgåver som skal løysast i kvart lag
  • Implementera enkle klient-tener-applikasjoner i eit høgnivå programmeringsspråk
  • Utvikla, forstå, analysera og revidera enkle kommunikasjonsprotokollar
  • Vurdera kva avgrensingar i tenestekvalitet som ligg i val av teknologi
  • Setja seg inn i og gjera greie for ny teknologi på kvart lag

Fulltid/deltid

fulltid

Studiepoeng, omfang

10 ECTS

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
INF100 eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på INF100 og MNF130. MNF130 kan takast samtidig som INF142.
Studiepoengsreduksjon

I142: 10SP, INF142A: 5SP

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk praktiske oppgåver, mellom anna i programmering av datanett. Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no