Anvendt kryptografi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Dette emnet gjev ein introduksjon til kryptografiske protokollar og primitiv, med fokus på anvendingene deira i datatryggleik.

Målet med kryptografi er informasjonstryggleik ved bruk av kryptografiske primitiv, inkludert siffre («krypteringsfunksjonar»), digitale signaturar og hashfunksjonar, samt kryptografiske protokollar som gjer bruk av desse primitiva. Grovt sett gjev kryptografi reiskap for å halde informasjon hemmeleg i høve til uautoriserte partar som ikkje har ein hemmeleg dekrypteringsnøkkel. Nokre kryptografiske primitiv er standardiserte, og desse er utbreidde og brukte i tryggleiksprotokollar i detaljhandel, bank, betaling på Internett, tilgangskontroll og generelt i ein kvar form for digital kommunikasjon og lagring av sensitiv eller verdifull informasjon.

Innhald:

Emnet presenterer eit utval av mykje brukte protokollar. Utvalet kan variera frå år til år. «Mykje brukte protokollar» er til dømes protokollar for nøkkelutveksling (f.eks. Diffie-Hellman) og levetid for nøklar, TLS-protokollen (Transport Layer Security), IPSec, protokollar for smartkortbetaling, protokollen TOR som brukar «onion routing», protokollar for trygg «messaging», Wifi-tryggleik , (WEP, WPAx), tryggleiksprotokollar for blockchain og protokollar for autentisert kryptering

Under diskusjonen av protokollane presenterar og beskriv vi og dei kryptografiske primitiva som vert brukte, inkludert symmetriske-nøkkel- og offentleg-nøkkel-sifre generelt, samt spesifikke døme og operasjonsmodi for slike sifre, hashfunksjonar og meldingsautentiseringskodar (MACar), system for digitale signaturar og offentlege nøkkelinfrastrukturar (PKIar).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar.

Studenten skal ha kunnskap om

  • kryptografiske protokollar; funksjonane deira og avgrensingane deira, og vanskane forbundne med å itforma dei,
  • eigenskaper til moderne symmetriske siffre som AES,
  • eigenskaper til moderne asymmetriske siffre som RSA,
  • eigenskaper til hashfunksjoner, MAC og digitale signaturer,
  • det matematiske grunnlaget for kryptografi.

Ferdigheter.

Studenten er i stand til å

  • implementera ein enkel kryptografisk protokoll og samstundes vera merksam på vanskane og farane med å gjera det,
  • forklara dei viktigaste kryptografiske applikasjonane,
  • forstå og forklara eigenskapane og bruksområda til kryptografiske primitiv,
  • finne problem i tryggleiksprotokollar som er relevante for kryptering.

Generell kompetanse.

Studenten

  • er kjent med nye idear og innovasjonsprosessar,
  • kan utveksle meininger med andre med relevant bakgrunn og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
INF100, MAT121, STAT110 (kan takast parallelt), MNF130, INF140, INF142 er sterkt tilrådd.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar / 4 timar pr. veke

Førelesningar / 13 veker

Øvelser: 2 timer i uken

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg eksamen eller Digital skriftleg eksamen (3 timar). Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.