Modellering og optimering
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- INF170
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tar utgangspunkt i problemstillingar innan naturvitskap, teknikk og økonomi der målet er å fordele knappe ressursar på konkurrerande og/eller samarbeidande aktivitetar på ein best mogleg måte. Matematisk formulering av slike problem er hovudinnhaldet i emnet. Ein studerer lineære modellar, heiltalsmodellar, nettverk og enkle ikkje-lineære modellar. I labratorieøvingar inngår bruk av modelleringsspråk for praktisk implementasjon av modellane.
Læringsutbyte
Ved fullført INF170 Modellering og optimering skal studenten kunne
- forklare kva eit optimeringsproblem er
- gjere greie for dei grunnleggjande eigenskapane til eit optimeringsproblem
- beskrive ulike typar lineære optimeringsproblem
- formulere og løyse enkle matematiske modellar for optimal tildeling av knappe ressursar
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på grunnkurs i matematikk eller MNF130
Studiepoengsreduksjon
I170: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
3 timar skriftleg eksamen. Eksamen kan foregå digitalt (på datamaskin). Se meir informasjon på: www.uib.no/digitaleksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Lovlege hjelpemiddel vert kunngjorde på Mitt UiB i starten på kvart semester.